Johannes Helleland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Johannes Helleland
Fødd10. desember 1840
Ullensvang
Død3. februar 1913
Lofthus
Statsborgar avNoreg
PartiVenstre
Yrkepolitikar

Johannes Olsson Helleland (10. desember 18403. februar 1913) var ein lærar, ordførar og stortingsmann frå Ullensvang i Hordaland. Han var med i den store venstrerørsla, men gjekk over til Moderate Venstre og representerte dette partiet i den andre tingbolken.

Helleland var son av ein plassemann under garden Helleland. Åra 1857-61 var han krambudreng i Bergen, der han om søndagane gjekk på ein skule som gav undervisning i ymse fag. 1862-64 var han elev ved Stord seminar. Ei kort tid var han huslærar hos ein lege i Nordfjord, før han vart lærar på ein høgre jenteskule i Fredrikstad. Frå 1865 var han lærar i folkeskulen i Fredrikstad til han 1868 vart lærar på Birketvedt skule i Fjære. Året etter tok han til som lærar ved Ullensvang folkehøgskule, der han vart verande i 29 år. I tillegg var han kasserar for Ullensvang privatbank frå 1871. Helleland var medlem av heradsstyret frå 1878, ordførar 1880-95 og 1899-1904. Han var forlikskommissær 1881-90 og frå 1894 til han døydde.

Helleland møtte på Stortinget i 1885 frå 22. april. Han var i den valperioden, 1883-85, 2. varamann frå Søndre Bergenhus amt. Perioden 1889-91 var han 5. representant frå amtet. I 1885 var han medlem av næringskomite nr 2, 1889-91 av gasje- og pensjonskomiteen.

Han døydde i 1913 i heimen sin på Lofthus i Ullensvang.

Johannes Helleland var oldefar til stortingsrepresentant Trond Helleland (H).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]