Johannes Holsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Johannes Holsen
Fødd 27. mars 1910
Død

18. september 1992 (82 år)

Yrke musikar

Johannes Olai Holsen (27. mars 191018. september 1992) var ein hardingfelespelemann frå Viksdalen i Gaular kommune i Sogn og Fjordane.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Johannes Holsen vart fødd våren 1910 og vaks opp på garden Hetle i Viksdalen i Gaular i Sunnfjord, som son av Nikolai Ludvigson Holsen (1871-1953) frå Holsen, Førde og Olina Holsen (f. Hetlem 1876-1968) frå Viksdalen, Gaular. Han vaks opp i ein søskenflokk på ni born. I 1933 flytta Johannes Holsen til Førde, og han var busett der heile sitt vaksne liv. Dei fyrste åra dreiv han ein kafé på Flaten saman med søstera si. Han utdanna seg som urmakar ved «Forskolene for Håndverks- og Industrilærlinger» i Bergen. Tilbake i Førde starta han sin eigen urmakarverkstad på Hafstad, og han hadde også ein frisørstol i forretninga der kundane også kunne få seg ein hårklipp om det trongst. I sommarhalvåret var Johannes ein mykje brukt spelemann i bryllaup i heile indre Sunnfjord, og kanskje spesielt i Viksdalen og elles i Gaular. Han var ein ivrig deltakar på både små og store kappleikar rundt ikring.

Opplæring/tradisjon[endre | endre wikiteksten]

Johannes Holsen byrja å spele hardingfele åtte år gamal. Det meste av spelet sitt lært han av far sin, Nikolai Holsen (f. 1871), og farfaren Ludvig Holsen (1839-1892). Holsen hadde ei Øverås-fele, bygd i 1931.

Han gjorde innspelingar både for NRK Folkemusikkarkivet og Arne Bjørndals Samling, og det er særleg runddans- og bygdedansslåttar etter faren og farfaren som pregar repertoaret hans.

Musikalsk ettermæle[endre | endre wikiteksten]

Johannes Holden er ei viktig kjelde for Gaular Spelemannslag, Indre Sunnfjord Spelemannslag og Gro Marie Svidal.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

  • Hardingfelespel frå Sunnfjord (Nils Furnes, Johannes Holsen og Knut Sandal) (ta:lik, 2005)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]