Johannes Hudde

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Johannes Hudde
Hudde.jpg
Fødd23. april 1628
Amsterdam
Død15. april 1704
Amsterdam
NasjonalitetDei sameinte Nederlanda
Områdematematikk
Yrkematematikar, politikar
Alma materUniversitetet i Leiden
DoktorgradsrettleiarFrans van Schooten

Johann(es) (van Waveren) Hudde (23. april 162815. april 1704) var ein nederlandsk matematikar og politikar.

Han var i mange år borgarmeister i Amsterdam. Under den fransk-nederlandske krigen i 1672 leia han oppsynet med flaumane til hjelp for forsvaret.

Som matematikar er han kjend for ein metode for å avgjere multiple røter i ei likning. To av avhandlingane hans vart trykte som tillegg til La Géométrie av René Descartes, som kom ut i 1659. Han dreiv òg med matematiske formlar for livsforsikring og livrenter, og dessutan med konstruksjon av fysiske og astronomiske instrument.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Johannes Hudde