Johannes Johannesson Aga

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Johannes Johannesson Aga
Fødd 25. mars 1814
Ullensvang
Død

23. januar 1898
Ullensvang

Yrke bonde, politikar

Johannes Johannesson Aga (25. mars 181423. januar 1898) var ein norsk gardbrukar, ordførar og stortingsmann frå Ullensvang i Hordaland. Johannes Pedersen Aga var far hans og Lars Johannesson Aga bror hans.

Aga tok over farsgarden i 1839 og dreiv denne. Frå 1840 var han medlem av heradsstyret i Ullensvang, ordførar 1844-71 og 1873-79. Han var forlikskommissær 1857-73, og medhjelpar åt presten i over 40 år. Styreformann i den lokale sparebanken.

Aga representerte Søndre Bergenhus amtStortinget frå 1857 til 1873. I 1857 var han medlem av protokollkomiteen og den utvida justiskomite nr 1, på omframstortinget 1858 av finanskomiteen og valkomiteen. Tingsamlingane 1859-60, 1862-63 og 1865-66 var han medlem av protokollkomiteen, 1868-69 og 1871-73 sekretær i same. På omframstortunget 1864 medlem av komiteen om avløninga av hæren. Både 1868-69 og 1871-73 var han medlem av valkomiteen, i 1869 også av røysterettskomiteen. Aga var medlem i Stortinget sine deputasjonar til kongekroninga i Trondheim 1860, og til 1000-årsminnet i Haugesund i 1872.

I 1877 vart han tildelt medalje «til belønning for det norske landbruk». Han døydde på slektsgarden i 1898.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]