Johannes Johnsen Grue

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Johannes Johnsen Grue
Fødd9. april 1875
Død1. august 1937 (62 år)
Statsborgar avNoreg
Yrkebonde
Alle verv

Johannes Johnsen Grue (9. april 18751. august 1937) var ein norsk gardbrukar og politikar frå Dalsbygda i Os i Østerdalen som representerte VenstreStortinget 1919-24.

Grue var son til ein gardbrukar. Etter to vintrar, 1891 og 1892, på folkehøgskular, byrja han sjølv drive gard i heimbygda frå han var 18 år gammal. I 1901 kjøpte han garden Ulset i Kvikne herad og flytta dit. Sidan dreiv han Ulset-garden, i tillegg var han postopnar i bygda frå 1916.

Frå 1910 var Grue medlem i heradsstyret i Kvikne, ordførar 1913-19. Han var elles formann i skogutvalet i heradet og i soknerådet, medlem i fattigstyret og i skulestyret. I mange år var han styreleier («direktør») i Kvikne Sparebank.

Perioden 1919-21 representerte Grue einmannskrinsen Nordre Østerdal på Stortinget, vald på eit Venstre-program. Etter attval hausten 1921 representerte han valkrinsen Hedmark på Stortinget til 1924. Den fyrste treårsbolken var han medlem i Protokollkomiteen, i den andre i Justiskomiteen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]