Johannes Kepler
Hopp til navigering
Hopp til søk
Johannes Kepler | |
![]() Eit portrett frå 1610 av Johannes Kepler av ein ukjend kunstnar | |
Fødd | Johannes Kepler 27. desember 1571 Weil der Stadt i Det tysk-romerske riket |
---|---|
Død | 15. november 1630 (58 år) Regensburg i Kurfyrstedømet Bayern |
Nasjonalitet | Tysk |
Område | Astronomi, astrologi, matematikk og naturfilosofi |
Yrke | naturvitar, astrolog, teolog, matematikar, astronom, musikkforskar, fysikar, kosmolog, musikkteoretikar, filosof, skribent |
Institusjonar | Karl-Franzens-Universität Graz |
Alma mater | Universitetet i Tübingen |
Doktorgradsrettleiar | Michael Mästlin |
Kjend for | Dei keplerske lovene Kepler si gjetting |
Ektefelle | Barbara Müller |
Signatur![]() |
Johannes Kepler (27. desember 1571–15. november 1630) var ein tysk matematikar, astronom og optikar. Kepler er mest kjend for at han formulerte lovene for planetane sine rørsler. Desse vert kalla dei keplerske lovene. Kepler var ein nøkkelperson under den vitskaplege revolusjonen på 1600-talet. Verk hans danna eit av grunnlaga for Isaac Newton sin teori om universll gravitasjon.
Livssoge[endre | endre wikiteksten]
Som ung tok Kepler utdanning i matematikk. Seinare drog han til Polen, der han vart assistent for Tycho Brahe. Da denne døydde i 1601 utnemnde keisar Rudolf II han til keisarleg matematikar. Slik vart han både ein kjend astronom og fekk tilgang til dei fremste forskingsresultata i samtida.
Verk[endre | endre wikiteksten]
- Mysterium Cosmographicum (Det kosmiske mysterium), 1596
- De Stella nova in pede Serpentarii (Om den nye stjerna i Slangens fot), 1604
- Astronomiae Pars Optica (Den optiske sida ved astronomien), 1604
- Astronomia Nova (Ny astronomi), 1609
- Dioptrice, 1611
- Harmonices Mundi (Verdens harmonier), 1619
- Epitome astronomiae Copernicanae, utgitt i tre delar 1618-1621
- Tabulae Rudolfinae, 1627
- Somnium, 1634
- Nova stereometria doliorum vinariorum