Johannes Kleppevik

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Johannes Kleppevik
Fødd10. oktober 1947
Død3. februar 2001
DødsstadSandviken
OpphavNoreg
Verka sommusikar, gitarist

Johannes Kleppevik (10. oktober 19473. februar 2001) var ein norsk artist som gjekk under namnet «kystens trubadur». Han var ein pådrivar for å få i stand Torgdagen i Bergen, som har vorte ei årleg hending.[1]

Liv[endre | endre wikiteksten]

Kleppevik blei gjerne kalla «kystens trubadur» fordi mange av songane hans handla om livet på kysten. Nokre av dei best kjende songane hans er «Oldefar», «Berre et bilde på min lugar», «No kjem ein vals» og «Tar du med ei helsing». Totalt skreiv han rundt 130 songar, men dei fleste blei ikkje spelt inn i hans levetid.[2] På 1980-talet skreiv han songen «Jeg mater duene» saman med Fred Ove Reksten til ære for byoriginalen Otto Fredrik Wollertsen, kjend som «Ottoen». Songen blei framført i gravferda til Wollertsen av skodespelaren Helge Jordal.[3]

I løpet av artistlivet sitt gav Kleppevik ut platene A little bit of Heaven (1974), Tramp og Trall I (1977) og II (1980), North Atlantic Ocean (1984), Langs Kysten (1997) og Motorbåt og ein laurdagsdans (1999). Plata North Atlantic Ocean vart nominert til Spellemannprisen.

Han døydde i 2001 etter ei tid med sjukdom.[4]

Ettermæle[endre | endre wikiteksten]

Etter at han døydde oppretta Sparebanken Vest Johannes Kleppevik sitt minnefond i samarbeid med Sund kommune. Prisen på 25 000 kroner vert tildelt «einskildpersonar, lag og organisasjonar som på ein framifrå måte fremjar kystkulturen i Hordaland.»[2]

Musikkgruppa Ausekarane blei danna i 2007 i samband med eit show til ære for Johannes Kleppevik på dåverande Marsteinen Fjordhotell sør på Sotra. Seinare har gruppa skrive og spelt inn songen «Johannes» til ære for Kleppevik.

I 2012 blei det gjeve ut ei bok med historia om Johannes Kleppevik og 65 av songane hans.[5] Boka blei skriven av Olav Kobbeltveit, og dei tre barna til Kleppevik gjorde arbeidet med innsamling og omarbeidng av tekstar og melodiar.[2]

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Album[endre | endre wikiteksten]

Plata North Atlantic Ocean blei nominert til Spellemannprisen.

Singlar[endre | endre wikiteksten]

  • Kom til Kristus (1967)
  • Tar du med ei helsing/North Atlantic Ocean (1984)
  • Seinsommarsong/Seglar ei skute (1996)

Andre deltakingar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Geir Kvile (17. juni 2017). «– Vi synger og drikker og hedrer strilekulturen». Bergensavisen. Henta 18. november 2017. 
  2. 2,0 2,1 2,2 Fikk minneprisen etter sin egen far VestNytt
  3. «Alle kjente Ottoen. Han var et varmt og raust menneske» Bergensavisen
  4. Heidi Tofterå Slettemoen (4. februar 2001). «Johannes Kleppevik er død». Bergensavisen. Henta 18. november 2017. 
  5. Sangboken som om også synger om livet til Johahannes Kleppevik, VestNytt, 8. november 2012

Litteratur[endre | endre wikiteksten]