Johannes Løkke

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Johannes Løkke
Fødd28. januar 1895
Død14. mars 1988 (93 år)
Statsborgar avNoreg
PartiArbeidarpartiet
Yrkepolitikar
Alle verv

Johannes Pettersen Løkke (28. januar 189514. mars 1988) var ein norsk arbeidar og politikar frå Kristiania. Han var ordførar i Notodden i over åtte år og stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet i fire år.

Far til Løkke var snikkar. Sjølv utdanna han seg til salmakar, sidan arbeidar og salmakar ved Norsk Hydros sekkefabrikk på Notodden frå 1921 til 1962.

Løkke engasjerte seg i arbeidarrørsla og var 1934-36 styremedlem i Norsk kjemisk industriarbeiderforbund. Lokalt var han formann i Hydroarbeidernes forening på Notodden i åtte år frå 1937. Frå same året var han også medlem i Notodden kommunestyre, ein posisjon han hadde til 1969, med unnatak for nokre av okkupasjonsåra. I 1944-45 sat Løkke i tysk fangeleir på Grini ved Oslo. Hausten 1945 vart han vald til ordførar i Notodden, eit verv han hadde til 1953. På Notodden leia han fleire kommunale nemnder. Han var også formann i samferdselsnemnda i Telemark frå 1948, og ei tid med i Tilsynskommisjonen for Bratsbergbanen. Seinare var han styremedlem i Årdal og Sunndal Verk.

Stortingsperioden 1950-53 representerte Løkke dei åtte kjøpstadene i Telemark og Aust-AgderStortinget. Heile fireårsperioden var han medlem i Protokollkomiteen. Han nådde ikkje heilt opp i nominasjonen då ordninga med eigne valkrinsar for byane og kjøpstadene vart avvikla. Såleis vart han verande vararepresentant til Stortinget 1954-57.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]