Johannes Lavik

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Johannes Lavik
Fødd 1. februar 1856
Død

14. februar 1929

Yrke journalist, redaktør
Born Herbrand Lavik

Johannes Johannesson Lavik (1. februar 185614. februar 1929) var ein norsk redaktør, avismann og målmann. Han var skipar og redaktør av Gula Tidend og gjorde opptaket til skipinga av Noregs Mållag.

Liv og virke[endre | endre wikiteksten]

Lærar og bladmann[endre | endre wikiteksten]

Lavik var frå garden Lavik i Eksingedalen i dåverande Hosanger prestegjeld. Han avla artium i Bergen 1877 og reiste deretter til US-Amerika, der han i 1878 vart lærar på Augsburg presteseminar i Minneapolis. Han studerte gresk og historie ved University of Minnesota før han i 1882 flytta tilbake til Noreg. I 1886 tok han filologisk embetseksamen i Kristiania.

Frå 1888 til 1890 dreiv Lavik saman med Paul Bergh ein høgre skule, den såkalla «Studentfabrikken», på Voss. Frå 1890 til 1893 var han redaktør i avisa [[Firda]], som kom ut i Bergen. Dei neste ti åra, 1894-1904 var han redaksjonssekretær i Bergens Tidende. I 1904 grunnla han Gula Tidend, og var redaktør i avisa fram til 1919. Han måtte då forlate redaktørkrakken grunna usemje mellom han og partiet Venstre. I perioden 1921–27 var han redaktør for Norges Bondelags organ Bondebladet, og frå 1927 redaktør for tidsskriftet Norrøna.

Målmann[endre | endre wikiteksten]

Lavik var ein sterk forkjempar for nynorsk. Frå 1896 var han i nokre år formann for Vestmannalaget, kor han også var styremedlem resten av livet. Han var ein av skiparane av Det vestlandske Mållag i 1904, formann i laget 1911-19.

Johannes Lavik var sentral i danninga av Noregs Mållag. Mållaget blei vedtatt skipa på eit målstemne i Kristiania i februar 1906 etter eitt framlegg frå Lavik. Han sat i styret for Noregs Mållag frå skipinga til 1912.

Lavik arbeidde for å leggje Svalbard under norsk overhøgd, og hevda Noregs historiske krav på Grønland.

Han var far til Herbrand Lavik og bror til Andres, Andreas og Dore Lavik.

Han døydde i Bergen, der han hadde budd i lang tid.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Norsk Allkunnebok. VIII. bandet. Fonna Forlag, Oslo 1958?