Johannes Nesse

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Johannes Nesse
Statsborgarskap Noreg
Fødd 26. september 1891
Seim
Død

1. juni 1948 (56 år)

Yrke redaktør

Johannes Jeremias Nesse (26. september 18911. juni 1948) var ein norsk pressemann frå Seim i Hordaland, redaktør i Aftenposten 1928-41 og 1945-48.

Nesse og ein kamerat frå Seim gjekk underoffiserskulen i Harstad i 1910-11. Åra 1914-17 studerte Nesse ved universitetet i Oslo. Frå 1917 arbeidde han i ti år som offiser i Intendanturen til Hæren. I 1921 byrja han i tillegg som han journalist i ulike Høgre-publikasjonar.

Frå 1928 var Nesse redaktør i Aftenposten til september 1941, då han og redaksjonssekretær Torolv Kandahl under den såkalla mjølkestreiken omgåande vart avsett og kasta i fengsel av okkupasjonsmakta. Etter frigjeringa var han tilbake på redaktørkrakken i Aftenposten. Han var elles formann i Norsk Presseforbund 1936-38.

Nesse gav ut fleire politiske skrifter.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]