Johannes Olsson Veset

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Johannes Olsen Veseth)
Johannes Olsson Veset
Statsborgarskap Noreg
Fødd 12. februar 1812
Haus kommune
Død

1. mars 1905 (93 år)
Haus kommune

Yrke klokkar, bonde, lærar, politikar
Språk norsk

Johannes Olsson Veset (12. februar 18121. mars 1905) var ein norsk lærar, kyrkjesongar, gardbrukar, lensmann og stortingsmann frå Haus i Hordaland. Han var far til Ole Veseth.

Han var son til ein gardbrukar. Sjølv var han 1829-36 skulehaldar i heimbygda og kyrkjesongar frå 1831 til –44. Han tok over farsgarden i 1834 og dreiv han til 1861, då han kjøpte garden Mjelde i Haus og dreiv denne til 1878. Frå 1852 til 1896 var han lensmann i Haus. Veset kom i 1838 med i det fyrste heradsstyret i Haus, og var medlem av dette i om lag 40 år. Forlikskommissær 1842-54 og 1873-89. Han var medlem av skattekommisjonen av 1861.

Veset representerte Søndre Bergenhus amtStortinget 1845-54, 1859-69 og 1877-78. Han var medlem av protokollkomiteen 1845 og -48, 1848 også av adressekomiteen. I 1851 var han medlem av protokollkomiteen, jarnbanekomiteen og trykkekomiteen, 1854 av valkomiteen og protokollkomiteen, 1859-60 av Lagtinget, valkomiteen og konstitusjonskomiteen, 1862-63 av dei tre sistnemnde samt jarnbanekomiteen og matrikkellovkomiteen. På omframstortinget 1864 var han medlem av Lagtinget, valkomiteen samt komiteen om den dansk-tyske krigen, medan han 1865-66 var medlem av Lagtinget, valkomiteen, konstitusjonskomiteen, traktatkomiteen og av komiteen om hjelpekyrkje for Domkyrkje-lyden i Trondheim. Perioden 1874-76 var han 1. varamann, møtte i 1875 frå 13. mars, medlem av Lagtinget og næringskomite nr 1. Sesjonen 1877-78 var han medlem av Lagtinget og konstitusjonskomiteen. Veset var vald for 1879-sesjonen òg, men sidan han i mellomtida hadde skøytt frå seg garden, hadde han tapt røysteretten sin og kunne ikkje møte på Stortinget.

Veset vart tildelt Borgardådsmedaljen i sølv.

Han døydde i Haus i 1905.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]