Johannes Olsson Fossmark

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Johannes Olsson Fossmark (181229. mai 1898) var ein norsk gardbrukar og hardingfelespelar frå Bruvik i Hordaland.

Fossmark kjøpte farsgarden, bruksnummer 5 på Fossmark, av jordeigarane i 1831. Han dreiv garden til dess eldste sonen tok over i 1864. «Johannes var med i heradstyret og møtte som representant for Bruvik sokn i formannskapet i Haus. Han var med og førte dei vanskelege tingingane med dei private eigarane av Bruvikkyrkja i 1860-åra.»[1]

Felespelaren Fossmark lærte av vossingen Isak Rokne, som hadde lært mange slåttar av Myllarguten. Mellom dei som lærde av Fossmark var Ola Mosafinn og Lars Helgeland. Fossmark var i si tid rekna for ein av dei beste felespelarane i landet. Han spela fleire gonger for Ole Bull. Ein springar Mosafinn lærde av Fossmark, kalla han for Fossmarken.

Notar og kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Norsk Allkunnebok. IV. bandet. 1953.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Årbok 1998 for Vaksdal Historielag