Johannes Pålsson Bø

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Johannes Pålsson Bø
Fødd 4. november 1774
Nord-Fron
Død

7. november 1859

Yrke bonde, politikar

Johannes Pålsson Bø (4. november 17747. november 1859) var ein norsk gardbrukar og stortingsmann frå Nord-Fron i Oppland.

Bø var gardbrukar på farsgarden Bø i Nord-Fron. Han vart vald til 1. varamann ved valet til Stortinget 1815-16 for Christians amt, dagens Oppland. Ettersom den valde representanten Anders Lysgaard hadde forfall, møtte Bø heile tingtida. Han var medlem av komiteen om land-, skog- og bergvesen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]