Johannes Pietsch
| Johannes Pietsch | |||
| | |||
| Fødd | 29. april 2001 (25 år) | ||
|---|---|---|---|
| Fødestad | Wien | ||
| Fødenamn | Johannes Pietsch | ||
| Alias | Master JJ The 1st | ||
| Opphav | Austerrike | ||
| Aktiv | 2020– | ||
| Sjanger | pop, opera | ||
| Instrument | vokal | ||
| Stemmetype | kontratenor | ||
| Plateselskap | Manifester Music | ||
| Verka som | songar, låtskrivar | ||
| Prisar | Goldener Rathausmann, Vinner av Eurovision Song Contest | ||
Johannes Pietsch (fødd 29. april 2001)[1], også kjend under artistnamnet JJ, er ein austerriksk songar. Han vann Eurovision Song Contest 2025 for Austerrike med songen «Wasted Love».
Bakgrunnn
[endre | endre wikiteksten]Pietsch vart fødd 29. april 2001 i Wien, med ein austerriksk far og ei filippinsk mor. Han tilbrakte det meste av oppveksten sin i Dubai, Dei sameinte arabiske emirata, der han vart introdusert både for popmusikk gjennom karaoke-festar med familien og for opera gjennom faren. Begge desse påverknadene har forma hans noverande pop–opera-stil.[1] I 2016 flytta familien tilbake til Wien.[2]
Musikalsk karriere
[endre | endre wikiteksten]
I 2020 deltok Pietsch i den niande sesongen av The Voice UK etter å ha gått glipp av påmeldingsfristen til The Voice of Germany.[1][3] Han gjekk vidare til Knockouts-runden med hjelp frå mentoren sin, will.i.am.[3] Året etter deltok han i den femte sesongen av Starmania, der han nådde den første finalerunden.[4] Han går på Musikk- og kunstuniversitetet i Wien etter å ha vore elev ved operaskulen ved Wien statsopera.[5]
Den 30. januar 2025 vart «Wasted Love», framført av Pietsch under artistnamnet JJ, kunngjord av ORF som det austerrikske bidraget til Eurovision Song Contest 2025 under radioprogrammet Ö3-Wecker på kanalen Ö3. «Wasted Love» vart skriven av JJ saman med Teodora Špirić (Austerrikes representant i 2023) og musikkprodusenten Thomas Thurner, og vart gjeven ut 6. mars 2025.[6] Han vann den internasjonale finalen 17. mai med totalt 436 poeng.[7] Han vann juryavstemminga med 258 poeng og fekk 178 poeng i telefonrøystinga.[8] Han vart den første Eurovision-vinnaren med søraustasiatisk bakgrunn, i tillegg til den første solovinnaren fødd på 2000-talet og i det 21. hundreåret.[9]
Musikalsk stil
[endre | endre wikiteksten]Pietsch sin musikalske stil kombinerer element frå opera og pop. Som sopranist (ein type kontratenor med sopranregister) syner han eit spenn som når heilt opp i dei høgaste sopranlaga, og han utforskar begge sjangrane med eit intenst og uttrykksfullt vokalt og tolkingsteknisk uttrykk.[10][11]
Privatliv
[endre | endre wikiteksten]Pietsch snakkar tysk, engelsk, tagalog,[5] fransk og litt arabisk. Han har fortalt at han er skeiv,[12] og ønskjer å vere ei stemme for det skeive miljøet i Austerrike. På ein pressekonferanse etter Eurovision-sigeren fortalde han at han har ein kjærast.[13] Etter tevlinga uttrykte Pietsch «skuffelse» over den israelske deltakinga i arrangementet, og uttalte i eit intervju med El País: «Eg skulle ønskje at Eurovision blir arrangert i Wien neste år – utan Israel. Men avgjerda ligg hos EBU. Vi artistar kan berre heve stemma vår i saka.»[14][15][16]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- 1 2 3 Christian Ude (30. januar 2025). «Johannes Pietsch alias JJ: Junger Countertenor singt für Österreich beim ESC» (på tysk). Kleine Zeitung. Henta 30. januar 2025.
- ↑ «Voix de fausset et gueule d'ange : qui est JJ, l'Autrichien vainqueur de l'Eurovision ?». Le HuffPost (på fransk). 2025-05-18. Henta 2025-05-20.
- 1 2 West, Amy (21. mars 2020). «The Voice UK's last Knockout confirms who Will, Meghan, Tom and Olly picked for the live semi-final». digitalspy.com. Henta 30. januar 2025.
- ↑ «Countertenor: JJ bringt Pop und Oper zum Song Contest» (på tysk). ORF. 30. januar 2025. Henta 30. januar 2025.
- 1 2 «Countertenor JJ vertritt Österreich beim Eurovision Song Contest». derstandard.at (på tysk (Austerrike)). Henta 30. januar 2025.
- ↑ «JJ – Von der Staatsoper in den ESC-Zirkus» [JJ - From the State Opera to the ESC-Circus] (på tysk (Austerrike)). Hitradio Ö3. 30. januar 2025. Henta 30. januar 2025.
- ↑ Picheta, Rob (17. mai 2025). «Austria's JJ wins Eurovision 2025 with 'Wasted Love'». CNN. Henta 27. juni 2025.
- ↑ «Austria's JJ wins the 2025 Eurovision Song Contest in Basel». BBC News. 18 May 2025. Henta 18. mai 2025.
- ↑ Chenou, Marianne (2025-05-18). «Eurovision 2025 : « Flûte enchantée », électro, Dubaï... Qui est JJ, vainqueur du concours pour l'Autriche ?». leparisien.fr (på fransk). Henta 2025-05-20.
- ↑ «Meet Austria's artist for Basel - JJ». eurovision.tv (på engelsk). 30. januar 2025. Henta 30. januar 2025.
- ↑ «Austria welcomes JJ back home with cheers, hugs and roses after he wins the Eurovision Song Contest». AP News (på engelsk). 2025-05-18. Henta 2025-05-20.
- ↑ «ESC-Favorit JJ: "Ich freue mich, die queere Community zu repräsentieren"». queer.de (på tysk). 18. mars 2025. Henta 21. april 2025.
- ↑ «Eurovision 2025 winner's press conference with JJ». eurovision.tv. 18. mai 2025.
- ↑ «Austria's Eurovision winner JJ calls for Israel to be banned from contest». Euronews. 22 May 2025. Henta 22. mai 2025.
- ↑ Gjevori, Elis (22. mai 2025). «Austrian Eurovision winner says Israel should be barred from 2026 contest». Middle East Eye. Henta 22. mai 2025.
- ↑ Boker, Ran (2025-05-21). «Eurovision winner JJ: 'I hope next year would be without Israel'». Ynetnews (på engelsk). Henta 2025-05-22.
- Denne artikkelen bygger på «JJ (singer)» frå Wikipedia på engelsk, den 2. november 2025.