Johannes Regis

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Johannes Regis
Fødd1425
Død1496 (71 år)
DødsstadSoignies
OpphavFrankrike
Sjangerklassisk musikk
Verka somkomponist, kannik
Johannes Regis komposisjoner vert framført i La Collégiale

Johannes Regis (14251496) var ein komponist av den flamske skolen.

Det er ikkje så mange verk att etter Johannes. To messer og sju motettar, forutan nokre songar. Han var godt kjend i si eiga samtid, og arbeidde ei tid som sekretær for Guillaume Dufay. Johannes Tinctoris trekk han fram som døme på god musikk i 1470-åra.