Johannes Vermeer

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Jan Vermeer
Cropped version of Jan Vermeer van Delft 002.jpg
Utsnitt av De koppelaarster, mogleg sjølvportrett
Fødd døypt 31. oktober 1632
Delft, Dei sameinte Nederlanda
Død gravlagd 15. desember 1675 (Ca. 43 år)
Delft, Dei sameinte Nederlanda
Felt Kunstmålar
Utdanning Mogleg elev av Carel Fabritius
Periode Barokken, den nederlandske gullalderen
Kjende verk Jente med perleøyredobb
Målaren i sitt atelier også kalla Allegori over målarkunsten
Namnetrekket til Johannes Vermeer

Jan Vermeer (nederlandsk: Johannes Vermeer, i samtida også kalla Joannis ver Meer, Joannis van der Meer) døypt/gravlagd (31. oktober 163215. desember 1675)[1] var ein nederlandsk kunstmålar som no er ein av dei best kjende kunstnarane frå den nordeuropeiske barokken.

I levetida si var han kjent i Delft og Haag, men han blei fort gløymt etter at han var død; han var knapt nemnt i den store kjeldeboka om hollandsk måleri frå 1600-talet skriven av Arnold Houbraken. I nær to hundre år blei han ikkje nemnt i oversikter over nederlandsk kunst.

Vermeer spesialiserte seg på interiørscener frå middelklassen og var ein moderat framgangsrik, provinsiell sjangermålar i levetida si. Det kan sjå ut til at han aldri var særleg velståande, kanskje fordi han produserte relativt få måleri og han hadde gjeld som gjekk i arv til ektefelle og born då han døydde.

Berre 35 måleri kan med sikkerheit tilskrivast Vermeer og det mest kjende er nok Jente med perleøyredobb. Måleria er stilt ut på mellom anna Rijksmuseum, Mauritshuis, Kunsthistorisches Museum, National Gallery of Scotland, Metropolitan Museum of Art og Gemäldegalerie Alte Meister.

Utvalde illustrasjonar[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Johannes Vermeer i databasa til RDK

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Johannes Vermeer