Johannes Vetter

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Johannes Vetter


Statsborgarskap Tyskland
Fødd 26. mars 1993 (30 år)
Dresden
Idrett friidrett
Tok del i

VM i friidrett 2015, Friidrett under Sommer-OL 2016 – Spydkast menn, EM i friidrett 2018 – Spydkast menn, Friidrett under Sommer-OL 2020 – Spydkast menn

Johannes Vetter (fødd 26. mars 1993) er ein tysk spydkastar frå Dresden. Han vart verdsmeister i øvinga i 2017 og tok bronsemedaljen i VM 2019.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Vetter sette personbeste med 85,40 meter ved eit stemne i Jena den 31. mai 2015. Bort i tre månader seinare vart han nummer sju i VM i Beijing. I 2016 vart han fjerdemann under dei olympiske leikane i Rio de Janeiro, 6 cm bakom bronsevinnar Keshorn Walcott. Få veker etter OL forbetra Vetter i Berlin sin personlege rekord til 89,57 m då han sigra i ISTAF-stemnet.

I juli 2017 vart Vetter tysk spydmeister med eit bestekast i Erfurt som målte 89,35 m. To dagar seinare slengde han spydet fire gongar over 90 meter i eit DL-stemne i Luzern. Lengste kastet landa på 94,44 meter, dermed sletta han den to månader gamle landsrekorden til Thomas Röhler. Vetter krynte sesongen med siger også i verdsmeisterskapen i London, vinnarkastet var på 89,89 m. Både i 2018 og 2019 hadde Vetter årsbeste på over 90 meter. Under VM 2019 nådde han 89,35 m i kvalifiseringa, i finalen enda han opp med bronsemedalje med 85,37 m.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]