Johannes kyrkje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

59°54′38.002″N 10°44′21.815″E / 59.91055611°N 10.73939306°E / 59.91055611; 10.73939306

Johannes kyrkje
kyrkje
Johanneskyrkja i 1906
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Oslo
Sokn Johannes
Material Gul teglstein
Innvigd 1878
 - Endringar Restaurert 1902–04, riven 1928–29
Altartavle Eilif Peterssen (bilete forsvunne)
Sitjeplassar 1250
Kart
Johannes kyrkje
59°54′38″N 10°44′22″E / 59.91055611°N 10.73939306°E / 59.91055611; 10.73939306
Wikimedia Commons: Johannes kirke, Oslo

Johannes kyrkje eller St. Johannes kyrkje eller Johanneskyrkja var ei kyrkje i Oslo som vart bygd i 1874–78 og riven i 1928–29. Kyrkja vart teikna av arkitekten Georg Andreas Bull.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Kyrkja låg ved Christiania torv, mellom Akersgata og Øvre Slottsgate, og vart innvigd i 1878. Grunnen under kyrkja bestod av leire, og etter Osloskjelvet, som ramma store delar av det sørlege Noreg 23. oktober 1904, oppstod store sprekkar i muren, og kyrkja vart stengd i fleire år før det vart fatta rivevedtak. Dette vart gjennomført i 1928.

Kjelder skildrar utsmykkinga i kyrkja som svært enkel, men kyrkja hadde ei altartavle med eit krossfestingsbilete måla av Eilif Peterssen. Under krigen (altså etter at kyrkja var riven) vart dette biletet visstnok sendt til Tyskland og er ikkje sett sidan. Bildet er kopiert til fleire andre norske kyrkjer: Aremark, Stavsjø, Hov i Sunndal, Eina, Kvernes, Gaupne, Solvorn og Lundring.

Før kyrkja vart riven, hadde målaren Per Krohg sitt atelier her. Orgelet frå kyrkja vart overført til Grønland kyrkje og klokkene til Torshov kyrkje. Kyrkjelyden var da overført til Vår Frelsars kyrkje.

Etter at kyrkja vart riven, vart den gule mursteinen lagra og seinere brukt til bygging av eit forretningsbygg på Jar, Jarhuset.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]