Johannes og Longin Jarengskije

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
St. Johannes og Longin Jarengskije

St. Johannes og Longin Jarengskije er to helgenar i den ortodokse kyrkja, som begge levde på 1500-talet. Dei var munkar i klosteret Solovetskij Spaso-Preobrazjenskij i ei tid då St. Filipp var igumen ved dette klostret. Under St. Filipps leiing hadde Johannes og Longin strenge fastetider og bøner, oppfylte alle igumenen sine oppgåver, og litt om gangen voks dei andeleg.

I 1561 drog Johannes og Longin til Tver oblast i ærend for klosteret. På vegen tilbake storma det på Belojesjøen, båten kantra og Johannes og Longin omkom. Etter ei tid vart kroppane deira oppdaga om lag 125 km frå klosteret ved munningen av elva Sosnovka som om dei framleis var i levande live, og dei vart plasserte i kapellet til mirakelmannen St. Nikolaj ved tettstaden Jarenga.

Etter ei stund dukka det opp teikn på deira heilagskap, for sjuke vart lækja nær leivningane deira. Seinare vart det grunnlagd eit kloster på staden der dei heilage munkane vart gravlagde. I 1625 melde Ilija Telov, som var ein munk ved klosteret i Jarenga, til patriark Filaret (Feodor Romanov) om mirakla som hadde skjedd ved grava til St. Johannes og Longin. Bevisa for dei mirakuløse hendingane vart grundig etterforska og godkjend. 15. juli 1638 vart leivningane flytta til ein nybygd katedral ved klosteret. Til ære for denne hendinga vart minnefestdagen til St. Johannes og St. Longin Jarengskie fastsett til den 16. juli.

Minnefestdagar for St. Johannes og Longin Jarengskije[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Ortodoks kalender
  • Erkebiskop Filaret (Gumlevski). Zjitija svjatykh, tsjtimykh Pravoslavnoju Tserkovju. Ijul. Sankt Petersburg., 1900, s. 38-40.
  • Protopopov D.I. Zjitija svjatykh, tsjtimykh Pravoslavnoju Rossijskoj Tserkovju, a takzje tsjtimykh Gretsjeskoj, Tserkovyju, juzjno-slavjanskikh, gruzinskikh i mestno tsjtimykh v Rossii. Mesjats Ijul. Moskva, 1885, s. 41-44.
  • Solovetskij Paterik. Moskva, 1914.