Johannesbrødtre

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Johannesbrødtre
Johannesbrødtre
Johannesbrødtre
Status
Status i verda: LC Livskraftig
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Overrekkje: Landplantar Embryophyta
Rekkje: Karplantar Tracheophyta
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Erteblomordenen Fabales
Familie: Erteblomfamilien Fabaceae
Slekt: Ceratonia
Art: Johannesbrødtre C. siliqua
Vitskapleg namn
Ceratonia siliqua

Johannesbrødtre er eit tre i erteblomfamilien som vanlegvis vert dyrka i middelhavslanda. Det har lêraktige, vintergrøne blad, lange blomsterklaser og 20 cm lange, lêraktige frukter (belgar) med 12–16 ertestore frø.

Johannesbrød

Frukta vert kalla johannesbrød og inneheld ca. 50 % sukker og noko garve- og smørsyre. Sukkeret vert først danna etter at dei umodne fruktene har vore tørka ei stund i sola. Johannesbrød vert eten rå eller blautlagt, i kaker og dessertar. Dei vert òg nytta til dyrefôr, og ekstrakt av fruktene vert nytta medisinsk ved katarar. Fordi vekta av kvart frø er konstant vart frøa tidlegare nytta av apotekarar og juvelerar ved veging, sjå karat.

Uekte johannesbrødtre er det indiske treet Cassia fistula som tilhøyrer same familie.

Det har namn etter døyparen Johannes som skal ha hatt belgane som einaste føde under opphaldet sitt i ørkenen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Johannesbrødtre (27. desember 2013). I Store norske leksikon. Henta 5. juli 2014.