Johannesnøklar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Johannesnøklar

Status i verda: LC Livskraftig

Hall käpp - Orchis militaris.jpg

Systematikk
Rike: Planteriket
Klasse: Einfrøblada
Orden: Aspargesordenen
Familie: Orkidéfamilien
Slekt: Orchis
Art: O. militaris
Vitskapleg namn
Orchis militaris
Økologi
Habitat: open grasmark
Utbreiing: Eurasia

Johannesnøklar (Orchis militaris) er ei plante i vårmarihandslekta Orchis i orkidéfamilien (marihandfamilien) Orchidaceae.[1][2] Ho veks ikkje i Noreg.

Utbreiing[endre | endre wikiteksten]

I Sverige finst johannesnøklar først og fremst på Öland og Gotland, der han er ganske vanleg, og arten har òg nokre funnstader på fastlandet. Arten er rekna som livskraftig (LC).[3] (Svensk namn: «johannesnycklar».)

I Danmark er arten berre kjend frå ein einskild funnstad i utkanten av København. Han er ikkje raudlistevurdert, men skildra som «sjælden».[4] (Dansk namn: «ridder-gøgeurt».)

I Finland har arten nokre få spreidde funnsteder i det sørlige delen av landet, og arten er rekna som sterkt truga (EN).[5] (Finsk namn: «soikkokämmekkä».)

Johannesnøklar (engelsk namn: «military orchid») veks heilt søraust i Storbritannia. I den britiske raudlista har arten status som sårbar (VU),[6] det same som lokalt i England.[7]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Artsdatabanken: Artsopplysningar johannesnøklar». Artsdatabanken. Henta 28. februar 2022. 
  2. «Artsdatabanken: Namnetre johannesnøklar». Artsdatabanken. Henta 28. februar 2022. 
  3. «Artfakta: Orchis militaris johannesnycklar». Artdatabanken. Henta 28. februar 2022. 
  4. «Naturbasen: Ridder-Gøgeurt Orchis militaris». Naturbasen. Henta 28. februar 2022. 
  5. «LAJI: Orchis militaris». LAJI.FI. Henta 28. februar 2022. 
  6. «GB Red List for vascular plants (revised Feb 2021)». Botanical Society of Britain & Ireland. 2021. Henta 9. mars 2022. 
  7. «A Vascular Plant Red List for England» (PDF). Botanical Society of Britain & Ireland. 2014. Henta 9. mars 2022. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]