Johfiyeh

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Johfiyeh
جحفية
landsby
Land  Jordan
Guvernement Irbid guvernement
Høgd 794 moh.
Koordinatar 32°29′21″N 35°49′35″E / 32.48917°N 35.82639°E / 32.48917; 35.82639
Areal km²
Folketal 4 000  (2008)[1][2]
Folketettleik 1 000 / km²
Grunnlagd 3000 fvt.
Retningsnummer +(962)2
Kart
Johfiyeh
32°29′21″N 35°49′35″E / 32.489166666667°N 35.826388888889°E / 32.489166666667; 35.826388888889
Wikimedia Commons: Johfiyeh
Nettstad: http://www.irbid.gov.jo/

Johfiyah, Johfiyeh, Juhfiyah eller Juhfiyeh (arabisk جُحفية) er ein historisk og arkeologisk landsby nord i Jordan, 80 kilometer nord for hovudstaden Amman, kring 7,5 km sørvest for byen Irbid (Arabialla). Han har kring 4000 innbyggjarar.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Flint-dolmen i Johfiyeh i Jordan.

Den vesle landsbyen har vore busett frå steinalderen til Det osmanske riket, og var ein av dei store byområda fram til dei ti romerske festningsbyane Dekapolis oppstod i romartida. Ein trur at dei fleste av dei historiske ruinane og bygningane kollapsa i eit jordskjelv som råka regionen i 747 evt. og i jordskjelv som følgde seinare.

Johfiyah ligg strategisk til på ein ås oppom fjellsletta Hauran, med utsyn mot Golanhøgdene, fjellet Hermon og Genesaretsjøen, i tillegg til foten av fjella i Ajloun i sør.

Under omajadane, trur ein at dei omajadiske herskarane kom til Johfiyeh for å jakte i den vene naturen. Ein har funne mange glastøy og keramikk frå omajadane i området.

Johfiyeh vart mindre viktig etter at senteret av det islamske kalifatet vart flytta til Bagdad.

Johfiyeh er nemnt i osmanske skattelister, som tyder at han framleis var busett fram til våre dagar.

Monument og arkeologiske funn[endre | endre wikiteksten]

Flint-dolmen i Johfiyeh i Jordan.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]