John-Ragnar Aarset

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
John-Ragnar Aarset
John-Ragnar Aarset (2017-03-12 bilde01).jpg
Nasjonalitet Noreg
Fødd 18. desember 1973 (45 år)
Geilo
Yrke Politikar
John-Ragnar Aarset på Commons

John-Ragnar Kvam Aarset (fødd 18. desember 1973Geilo) er ein norsk politikar frå Høgre. Han er frå 2015 generalsekretær i partiet.

Aarset har frå 1998 ein Bachelorgrad i kultur- og samfunnsvitskap frå Universitetet i Oslo. Han var 1998–2000 leiar i Unge Høgre, 2001–2004 sekretariatsnestleiar i stortingsgruppa til Høgre, 2004–2005 politisk rådgjevar for kommunal- og regionalministeren Erna Solberg, og 2005–2008 kommunikasjonsrådgjevar i stortingsgruppa i Høgre. Aarset var statssekretær i Samferdselsdepartementet 2013–2015.

Lokalpolitisk har han hatt ei rekkje tillitsverv, mellom anna kommunestyrerepresentant i Hol 1991–1995 og fylkestingsrepresentant i Buskerud 1995–2002. I stortingsperioden 2001–2005 var han 1. vararepresentant for Buskerud Høgre, i perioden etter 2. vararepresentant.

Utanom partipolitiske verv og stillingar har Aarseth mellom anna arbeidd som kommunikasjonsrådgjevar 2000–2001 i PR-byrået Konsensus AS, som spesialrådgjevar 2008–2012 i PR-byrået Gambit Hill+Knowlton og 2012–2013 som dagleg leiar i Forum Nye Bergensbanen.

John-Ragnar Aarset var 2004–2013 styreleiar i Litteraturselskapet Det norske Samlaget. Han fekk prisen Årets nynorskbrukar frå Nynorsk kultursentrum i 2018.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]