John A. Adams

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Denne artikkelen handlar om politikar. For astronomen, sjå John Couch Adams.
John Adams
Johnadamsvp.flipped.jpg
President i USA
Regjeringstid 4. mars 17974. mars 1801
Fødd 30. oktober 1735 i Braintree i Massachusetts
Død 4. juli 1826 i Braintree i Massachusetts
Føregjengar George Washington
Gift med Abigail Adams

John A. Adams (30. oktober 17354. juli 1826) var ein politikar i USA. Han var president i USA frå 1797 til 1801. Han var den fyrste visepresidenten i USA (17891797) og den andre presidenten. Sonen John Quincy Adams vart seinare vald til den sjette presidenten i USA.[1]

Adams var den fyrste presidenten som budde i Det kvite huset i Washington, DC. John Adams var gift med Abigail Adams.

Tidlege år[endre | endre wikiteksten]

Adams kom frå ei gamal puritanarslekt som hadde utvandra til Amerika kring 1630. Slekta kom opphavleg frå Wales, og familienamnet skriv seg frå det walisiske ap Adam (son av Adam). Dei puritanske grunnhaldningane levde att i han, sjølv om den strenge puritanismen frå forfedrane var noko svekka. Han studerte juss, og vart ein framtredande skrankeadvokat i Boston.

Ekteskap[endre | endre wikiteksten]

John gifte seg med Abigail Smith, og saman fekk dei fire born:

John og Abigail levde i lag til ho døydde i 1818, og ho gav han mengdevis med gode råd i form av brev gjennom mange år. George Washington sa ein gong at dei andre i kongressen sette pris på dei råda Abigail kunne gje mannen sin.

Bostonmassakren[endre | endre wikiteksten]

John Adams vart første gong kjend i vidare krinsar etter at han hadde forsvart eit kompani britiske soldatar som var tiltalt for manndrap etter Bostonmassakren 5. mars 1770. Han sytte for at dei alle vart frikjende, saman med kommandanten, Thomas Preston. I trefninga var fem menneske skotne ned, men Adams fann at soldatane vart provoserte til det av folkemengda, og vann saka. For dette fekk Adams gjetord som uavhengig, og tremenningen Samuel Adams freista å få han med i kampen om lausriving frå Storbritannia.

Kontinentalkongressane[endre | endre wikiteksten]

Adams vart sidan peika ut som ein av fleire utsendingar frå Massachusetts til den første amerikanske kontinentalkongressen i 1772, og til den andre, som vart skipa i 1775. Her vart Adams ein pådrivar for sjølvstende, og tok mellom anna initiativ til å organisere den amerikanske militsen som ein verkeleg hær, under leiing av George Washington. Det var Adams som peika ut Washington. Våren 1776 tok Adams og til orde for ei sjølvstendeerklæring, og tok del i utforminga av den amerikanske sjølvstendeerklæringa saman med mellom andre Thomas Jefferson og Benjamin Franklin.

Sendeferder til Europa[endre | endre wikiteksten]

Etter sjølvstendet reiste Adams som sendemann til Frankrike og Nederland for å vinne militær og økonomisk stønad til den amerikanske saka. Han var over havet fleire gonger fram til fredsslutninga i 1783, og sytte for solide nederlandske lån og garantiar til USA. Frå 1783 vart han den første amerikanske ambassadøren til Storbritannia, der han arbeidde for å bøte på mistrua som hadde vakse fram mellom den gamle kolonimakta og den nye nasjonen. Han reiste heim for å ta del i det første amerikanske presidentvalet i 1788.

Visepresidenten[endre | endre wikiteksten]

Adams kom på andreplass i det første presidentvalet, og vart soleis den første amerikanske visepresidenten under George Washington. Her samarbeidde han tett med Thomas Jefferson, den første utanriksministeren, og Alexander Hamilton, første finansminister i USA. Då føderalistpartiet vart skipa, slutta han seg til, men var i røynda ikkje på beste fot med Hamilton, som var partileiar. Som visepresident sytte Adams for å avgjera tvister i kongressen med dobbeltrøyst 29 gonger, og nytta mykje tid på å lære kongressmennene opp i parlamentarisk skikk og bruk. Adams har og noko av æra for at Jay-traktaten med Storbritannia vart underteikna i 1794, noko som førde til betre handel mellom landa, og som heldt USA utanfor den pågåande krigen mellom Storbritannia og Frankrike. Jefferson sa seg usamd i dette, sidan han stødde Frankrike i revolusjonsåra, og det var stor motstand i folket, som frykta at Washington skulle selja landet attende til Storbritannia.

Adams var ikkje nøgd med rolla som visepresident, og som leiar for kongressen hadde han kjensla av at ingen i røynda lydde på han. Han skreiv mellom anna til kona Abigail og sa at «visepresidentstillinga er den mest gagnlause stillinga på Guds grøne jord». Posten høvde dårleg med lynnet og talegåvene til Adams.

Presidenten[endre | endre wikiteksten]

Då Washington gjorde kjend at han ikkje ville stille til atterval etter to periodar, vann Adams valet, og vart soleis den andre presidenten i USA, frå 1797 til 1800. I dette valet stod det mellom han sjølv, Jefferson, og Thomas Pinckney. Adams vann mellom anna på truverdet han åtte hjå vanlege folk etter sjølvstendekrigen, og på tapet av røyster frå Jefferson til Pinckney. For å heidre Washington tok han over mykje av Washingtons regjering, sjølv om dette òg tydde at han kom i trette med Alexander Hamilton.

I desse åra sytte han for å halde USA utanfor open krig med Frankrike og Storbritannia. For dette laut han døyve mykje motstand og mange spitord, av di sterke fraksjonar i føderalistpartiet ivra for krig. Adams ville ikkje stø opp om dette, og heldt seg på den politiske lina til Washington. Slik kom han på kant med både Jefferson og Hamilton. Han laut og stri med indre uro, noko som førde til lovframlegg mot oppvigleri mot staten, eit vedtak som ikkje fall i god jord. Adams har lenge vorte skulda for dette, men det har vore påpeikt at lovframlegget vart pressa fram av Hamiltons menn i regjeringa. Tvisten mellom Hamilton og Adams førde sistpå til at han laut gje ei rekkje rådgjevarar sparken av di dei lydde meir på Hamilton enn på han sjølv. Adams trudde og på sterk sentralstyring, og i dette la han seg ut med visepresidenten Jefferson, som rekna desentralisering som eit gode.

Tvisten mellom Adams og Hamilton førde mellom anna til at Adams tapte presidentvalet i 1800 til Jefferson, og føderalistpartiet vart svekka (like mykje av di partiet hadde samla seg kring Washington, som døydde året før). Denne hendinga er ofte omtala som revolusjonen av 1800. Det er og sagt at Adams vart motarbeidd av Alexander Hamilton i dette valet, og tapte for Jefferson av di Hamilton og stilte som kandidat for føderalistane. Hamilton gjekk og offentleg ut mot Adams i avisene, noko som svekka Adams monaleg. Hausten 1800 opplevde Adams og at sonen Charles døydde av alkoholisme, etter at dei ikkje hadde vore på talefot i lengre tid.

Seinare år[endre | endre wikiteksten]

John Adams trekte seg attende frå aktiv politikk i åra etter, og stelde med garden sin og næraste familie. I 1813 døydde dottera Nabby av brystkreft, og kona Abigail døydde av tyfus i 1818.

John Adams sjølv kom til å leva til 1826, og vart 90 år gamal, den eldste ekspresidenten i USA før Ronald Reagan. Med tida tok han og oppatt korrespondansen med Jefferson etter at desse ikkje hadde vore på talefot så lenge Jefferson var president. Adams vart gamal nok til å oppleva at sonen hans, John Quincy Adams vart president etter han, den einaste sonen av ein tidlegare president som sjølv vart president før George W. Bush i 2001.

Adams døydde på sjølve sjølvstendedagen 4. juli, uvitande om at Thomas Jefferson og var daud same dag, nokre timar føre han. Dei siste orda hans skal ha vore «Thomas Jefferson lever att».

Peacefield, heimen til John Adams, er i dag eit historisk kulturminne i USA.

I populærkulturen[endre | endre wikiteksten]

John Adams er framstilt på scene, film eller TV-serie ein rekkje gonger. I TV-serien John Adams frå 2008 er han spela av Paul Giamatti.


Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Text document with red question mark.svg Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar. Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder!

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. John A. AdamsCaplex