John Atkinson Grimshaw

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
John Atkinson Grimshaw
John Atkinson Grimshaw.jpg
Fødd 6. september 1836
Leeds
Død

13. oktober 1893
Leeds

Yrke kunstmålar
John Atkinson Grimshaw på Commons
John Atkinson Grimshaw
The Lady of Shalott, ca 1875
Shipping on the Clyde, 1881
Evening Glow, ca 1884
Blackman Street i London, 1885
Søndagskveld på Knostrop Cut i Leeds, 1893

John Atkinson Grimshaw (6. september 183631. oktober 1893) var ein britisk målar frå viktoriatida som var sterkt påverka av prerafaelittane og noko av estetisismen. Han var særleg kjend for å måla byscener på nattestid og landskap.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Grimshaw var fødd og døydde i Leeds. Han var son til ein politimann, og fekk inga formell kunstutdanning, med lærde seg opp på eigenhand. I yngre år hadde han fast kontorstilling i jarnbanen, før han i 1861 slutta i yrket og satsa fullt ut som målar, noko som skaka opp foreldra hans. Hans tidlege verk var helst stilleben med daude småfuglar, blomar og frukt, i ein stil som minner om verk av landsmannen William Henry Hunt. Medlemer av Leeds Philosophical and Literary Society var mellom hans fyrste kundar, noko som gav han ry på heimstaden og sette han i stand til å busette seg i ein av dei rikare bydelane i Leeds.

Frå 1862 byrja Grimshaw å stille ut verka sine i London, mellom anna viste han fram fem måleri på ei av Royal Academy of Arts sine utstillingar. Gjennom åra utvikla han ein særeigen stil, noko dei mange disige by- og hamnemotiva i skumringa, natte- og haustscenene vitnar om. Grimshaw måla gatescener frå byar og forstader og måneopplyste bilete frå hamnene i London, Leeds, Liverpool og Glasgow. Han jobba mykje med lyseffekt, og mange av scenene var lyssette av lys inne frå bygningar, dei moderne gatelysa ein hadde byrja ta i bruk, eller i nokre høve av brannar. Grimshaw måla også portrett, interiørbilete, bilete av feer og litterære bilete inspirerte av verka til Longfellow og Tennyson. Hans kommersielle suksess gjorde at han i 1870 kunne flytte inn Knostrop Old Hall, eit herskapshus nær Leeds, og leiga eit andre husvere i kystbyen Scarborough. Midt i 1880-åra arbeidde han over eit kort tidsrom i eit atelier i Chelsea i London, ikkje langt frå det til den amerikanske impresjonisten James Whistler.

Grimshaw gifta seg med syskenbarnet sitt Frances Hubbard (1835–1917) i 1856. Dei hadde femten born; av desse voks ni opp, og fleire blei målarar: Arthur Grimshaw (1864–1913), Louis H Grimshaw (1870–1944), Wilfred Grimshaw (1871–1937) og Elaine Grimshaw (1877–1970).

John Atkinson Grimshaw døydde i 1893 av tuberkulose. Han blei gravlagd i Woodhouse Cemetery (no St George's Fields) i Leeds.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]


  • Delar av denne artikkelen bygger på «John Atkinson Grimshaw» frå Wikipedia på engelsk, den 22. mars 2014.
    • Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
    • Lionel Lambourne, Victorian Painting, London, Phaidon Press, 1999
    • Alexander Robertson, Atkinson Grimshaw, London, Phaidon Press, 1996 ISBN 0-7148-2525-5
  • H.J. Dyos and Michael Wolff, eds., The Victorian City: Images and Realities, 2 Volumes, London, Routledge, 1973.
    • Christopher Wood, Victorian Painting, Boston, Little, Brown & Co., 1999