John Ausonius

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Broom icon.png Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask, som reinskar opp målføringa og/eller innfører same språkstilen overalt.
John Ausonius
John Ausonius.jpg
Fødd 12. juli 1953
Lidingö

John Wolfgang Alexander Ausonius (fødd Wolfgang Alexander Zaugg12. juli 1953), òg kjend som «Lasermannen», er ein svenske dømd for ein serie drap/drapsforsøk og for bankran. Frå august 1991 til januar 1992 skaut han, først med gevær med lasersikte (derav kallenavnet «Lasermannen», først brukt av journalisten Richard Aschberg i Aftonbladet) og seinare med revolver, totalt tolv personar ved ulike attentat i Stockholm og Uppsala. Eitt av offera døydde, fleire fekk mein for livet. Det einaste offera hadde til felles var ein mørk hudfarge.

Attentatet førte til Sveriges nest største politijakt, berre overgått av etterforskinga knytt til Palme-mordet. Etter seks månader vart Ausonius teken på fersk gjerning under eit bankran. Han vart, til trass for at han se seg uskuldig, sikta for eitt mord, åtte mordforsøk og åtte grove ran. Derimot heldt ikkje bevisa til å dømma han på alle tiltalepunkter. Han har vorte diagnostisert med dyssosial personligheitsforstyrring.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Wolfgang Zaugg vart fødd på Lidingö, men voks opp i Vällingby, Stockholm. Foreldra var begge innvandrarar; hans mor var tysk og hans far sveitser. Zaugg vart svensk statsborgar i 1979. Som barn vart han plaga på grunn av sit svarte hår og mørke utsjånad. Han var dugeleg på skulen og debatterte ofte i klassa. Som voksen endra han sitt namn til John Stannerman og seinare til John Ausonius. Han vart innkalla til verneplikt ved Svea livgarde i Kungsängen etter å ha fått statsborgarskapet i 1979, på trass av at han var tiltala for grov mishandling og underslag, men vart deretter dimittert etter at han fleire gonger truga befal og vernepliktige. Det var i tenestetida at han lærde seg å handtera våpen, og han var ein særs dugande skyttar.

Etter militærtenesta byrja han på studium ved Kungliga Tekniska Högskolan i Stockholm, men slutta relativt raskt, og eit bel var han òg heimlaus. Etter ei kort, men framgangsrik karriere med opsjonshandel, vart han brått ståande utan inntekt. For å finansiera si speleavhengnad og tidlegare jappeliv byrja han å rana bankar. Han forandra utsjånad ved hårfarging og endring til blå augefarge ved hjelp av kontaktlinser. I eit intervju med Gellert Tamas uttalte Ausonius at han kunne drepa ein innvandrar for å villeie politiet frå bankrana, og fordi han hata innvandrarar.

Attentata[endre | endre wikiteksten]

  • 2. august 1991 – Skyt ein antropologistudent ved Gärdet tunnelbanestasjon
  • 21. oktober 1991 – Skyt ein antropologistudent på Lappkärrsberget
  • 27. oktober 1991 – Skyt ein uteliggar nær Torsgränd, Vasastaden
  • 1. november 1991 – Skyt ein musikar ved Brygghuset, Vasastaden
  • 8. november 1991 – Myrdar ein student i Körsbärsvägen nær Kungliga Tekniska högskolan
  • 22. januar 1992 – Skyt ein forskarstudent innan medisin i Studentvägen i Uppsala
  • 23. januar 1992 – Skyt ein bussjåfør på Södermalm
  • 23. januar 1992 – Skyt to personar i Somaliska föreningen på Norrtull
  • 28. januar 1992 – Skyt ein eigar av ein grillkiosk i Djursholm
  • 30. januar 1992 – Skyt ein kioskeigar ved Hägerstensåsens tunnelbanestasjon

Ausonius har òg vore mistenkt for å ha drepe ei kvinne den 23. februar 1992, under sit besøk i Frankfurt am Main, og rettargang går i desember 2017 føre seg òg i Frankfurt am Main[1].

Kriminaletterforskningen[endre | endre wikiteksten]

Politiet si etterforskningsgruppe hadde problem med å finna ein gjerningsmann, sidan Ausonius ikkje hadde noka tilknyting til offera. Ein opplevde derimot eit gjennombrot då politiet starta å undersøkja opplysningar om at ein kvit Nissan Micra SLX hadde vorte sett ved skota 22.–23. januar. Politiet gjennomførte ein omfattande kontroll av alle eigarar av denne biltypen, og det viste seinare seg at Ausonius hadde leigd ein slik bil frå eit bilutleigefirma i Stockholm. Då politiet freista å kontakta Ausonius for nokre rutinespørsmål, vart det oppdaga at korkje hans registrerte adresse eller telefonnummer samsvara med røyndomen. Den 25. februar vart det send ein innkalling til forhøyr til ein postboks som ein trudde Ausonius nytta. Ausonius følgde nyhendesendingane tett, og då det vart offentleggjort at politiet søkte ein Nissan Micra forlét Ausonius Sverige ved slutten av februar, og drog til Sør-Afrika. Han vende ikkje heim før ved midten av mai.

I mars hadde politiet enno ikkje fått høvet til å stilla han rutinespørsmål om bilen han hadde leigd i januar. Det var òg full visse om Ausonius sin mange tidlegare lovbrot. Ein av politiet sine etterforskarar hadde òg delteke i utgreiinga om Palmemordet, og hadde den gongen fått høyra om John Stannerman (Ausonius tidlegare namn), ein kjend Palmehater som tidlegare hadde arbeidd som kinomaskinist blant anna på kinoen Grand i Sveavägen. Etter at detta vart klårt, vart Ausonius høginteressant for den vidare etterforskninga. Ausonius sat derimot i Kumlaanstalten ved tidspunktet for Olof Palmes død, dømd for eit fleirtal valdslovbrot, og kunne raskt stengast ute som gjerningsmannen bak Palmemordet.

I løpet av etterforskninga oppdaga politiet òg at Ausonius var kunde hjå fleire pantelånarar. Samstundes hadde ein mystisk sykkelraner lukkast i å rana 17 bankar i Stockholm utan å verta pågripen. Etter samanlikning kunne politiet konstatera at Ausonius hadde løyst ut sina saker frå pantelånarane direkte etter at sykkelranaren hadde rana ein bank.

Då Ausonius kom heim til Sverige, fekk politiet vita at han var i Stockholm ved at han gjekk til posten for å tømma postboksa si. Sidan politiet ikkje visste adressa hans, vart det vedteke at spaningsavdelingen skulle spana på han. Det var kjent at Ausonius hadde leigd videofilmar i ein videobutikk i krysset Birger Jarlsgatan–Odengatan, og då Ausonius kom dit for å levera inn filmane, følgde politiet etter. Dei kunne dermed konstatera at Ausonius var busett i Ynglingagatan i nordre Vasastaden.

Påfølgjande dag, den 12. juni, forlét Ausonius heimen sit på formiddagen. Han sykla til Södermalm, bytte klede i ein port, og utførte sitt attande bankran ved Handelsbanken i Hornsgatan, rett føre auga på politiet sine spanere. Då politiet freista å pågripa han vart dei møtt med fleire avfyrde skot, men klarte like etter å overmanna Ausonius.

Då politiet etterlyste Lasermannen, vart det publisert eit fantombilete med eit tenkbart utsjånad på han. Biletet var samansett med utgangspunkt i ei skildring som eit av hans offer hadde gjeve. Biletet viste ein mann med raudt hår og briller. Han hadde endra sit utsjåande for å sjå meir svensk ut (farga håret raudt, skaffa blå kontaktlinser). Eit bel etter at Lasermannen hadde vorte arrestert, vart det vist fram bilete av han med mørkt hår, fråverande briller og eit stort helskjegg som han hadde opparbeidd i tida han sett i arrest.

Dom[endre | endre wikiteksten]

Den 14. januar 1994 vart Ausonius dømd av Stockholms tingsrätt til livstidsfengsel mot sin vilje for eitt mord, ni mordforsøk og dessutan ni ran. Han vart frikjend frå to av mordforsøka.

Saka vart seinare anka i Svea hovrätt, men prosessen vart meir komplisert etter at Ausonius mishandla sina to forsvarsadvokatar på Kronobergshäktet den 4. oktober 1994. Advokatane sa frå seg oppdraget og Ausonius fekk to nye advokatar. Då rettargongen vart gjenoppteken den 31. januar 1995, mishandla Ausonius sina to nye forsvarsadvokatar i forkant av samlinga til retten. Retten tillét ikkje at han bytte forsvararar nok ein gong, og Ausonius vart sett i handjarn. Den 19. mai 1995 fastsette hovretten domen på livstids fengsel. Hovretten frikjende han derimot for eitt av rana. Han tener sin straff ved Kumlaanstalten.

I august 2000 medgav Ausonius at han var skuldig i alle ti attentat og dessutan tjue gjennomførte eller forsøk på bankran. Högsta domstolen meinte òg at innrømmelsen, på grunn av at Ausonius hadde lavt truverde, ikkje var nok grunn til gjenopptaking av sakene rundt dei frikjende domane.

Han sonar enno i 2017 domen på livsvarig fengsel, etter anke om tidbestemt straff[2]. I Sverige tyder dette at han ikkje slepp ut frå fengsel i levande live.

Anna[endre | endre wikiteksten]

I 2002 vart boka Lasermannen – Ein berättelse om Sverige utgjeve. Boka var skrive av Gellert Tamas.

I 2005 produserte svenske SVT TV-serien Lasermannen, ein tredelt miniserie kvar på ca. 90 minutt. Serien vart send på norsk TV 2 i 2007, i seks delar. Den vart send i reprise på same kanal i 2008.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. http://www.klassekampen.no/article/20171213/NTBU/30568493
  2. https://www.nrk.no/urix/lasermannen-blir-sittende-i-fengsel-1.8382099

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]