John Barnes

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
John Barnes

John Barnes in Kristiansund, Norway.jpg

Statsborgarskap Storbritannia, Jamaica
Fødd 7. november 1963 (59 år)
Kingston på Jamaica
Idrett fotball
Tok del i

VM i fotball 1990, VM i fotball 1986, EM i fotball 1988

Utmerkingar

medlem av Den britiske imperieordenen

John Charles Bryan Barnes (fødd 7. november 1963) er ein jamaikansk-engelsk tidlegare fotballspelar. Han var fødd i Kingston på Jamaica og flytta 12 år gammal med familien til London i Storbritannia. Han var offensiv vengspelar, kjend for sine år i Watford FC og Liverpool FC. Barnes deltok i 79 landskampar for England.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Klubbspel[endre | endre wikiteksten]

Barnes debuterte for Watford FC i 1981 og var same sesongen (1981/82) med om å sikre opprykke til 1. divisjon. Våren 1984 nådde klubben FA-cupfinalen, ein kamp mot Everton FC som enda med tap 0 – 2. I juni 1987 vart Banres overført til Liverpool FC mot 2 millionar pund. Gjennom dei neste 10 sesongane skåra han 106 mål på 403 kampar for Liverpool-laget. To gongar vann laget ligaen, åra 1989 og 1992 sikra spelarane seg den store FA-pokalen og i 1995 gjekk laget til topps i ligacupen. Sommaren 1997 drog Barnes til Newcastle United, halvt anna år seinare vandra han vidare til Charlton Athletic. Ved sesongslutt rykte klubben ned til nivå 2 og Barnes la opp.

Landslagsspel[endre | endre wikiteksten]

Barnes var ein mykje nytta spelar for Englands landslag i tida frå debuten i mai 1983 til avskjeden i september 1995. Under VM i fotball 1986 var han innbytar i ein kamp, to år seinare var han aktivt med då England måtte seie takk for seg etter gruppespelet i europameisterskapen 1988. Då Fotball-VM 1990 vart arrangert i Italia starta han dei fyrste kampane, utover i turneringa vart han i stigande grad benka.

Merittar[endre | endre wikiteksten]

  • Ligameister: 1988 og 1990 for Liverpool FC
  • Vinnar av FA-cupen: 1989 og 1992 for Liverpool FC
  • Vinnar av den engelske ligacupen: 1995 for Liverpool FC

Kjelder[endre | endre wikiteksten]