John Bauer

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jump to navigation Jump to search

John Bauer (4. juni  188220. november  1918) var ein svensk målar og illustratør. Han er er mest kjent for sine eventyrillustrasjonar av troll, på lik linje med Theodor Kittelsen i Noreg.

John Bauer studerte først ved Kungliga Konsthögskolan i Stockholm, og seinare i Italia og Tyskland. Allereie i 1907 blei eventyrsamlinga Bland tomtar och troll utgitt, og snart fekk han status som Sveriges høgast respekterte eventyrkunstnar. John Bauer er representert på Nasjonalmuséet i Stockholm, Göteborgs konstmuseum og Malmö museer. Han drukna saman med kona og sonen då dampbåten Per Brahe forliste på Vättern i 1918.

Utvalte illustrasjonar[endre | endre wikiteksten]


Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: John Bauer