John Bernhard Rekstad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
For fysikkprofessoren med same namn sjå John Bernhard Rekstad
John Bernhard Rekstad
Fødd2. oktober 1852
Trondenes kommune
Død1. april 1934
NasjonalitetNoreg
Yrkegeolog, fotograf
MedlemDet Norske Videnskaps-Akademi

John Bernhard Rekstad (fødd 2. oktober 1852 i Trondenes i Troms, død 1934) var ein norsk geolog. Han tok lærareksamen 1887, var lærar ved dei høgare skulane på Røros, Namsos og Lillehammer og 18961900 adjunkt ved Bergens katedralskole. Frå 1900 var han første geologen ved Noregs geologiske undersøkingar i Kristiania. Han dreiv særleg med brestudier (han utforska i 1890 og 1891 heile Svartisen) og med istidsavleiringane i Noreg. For Noregs geologiske undersøkingar utførte han geologisk kartlegging, særleg på Vestlandet, i Jotunheimen og i Nordland. Han utgav ei rekkje geologiske avhandlingar.

John Berhard Rekstad var òg ivrig amatørfotograf. Dei geologiske reisene hans skulle føre han rundt om i heile landet og kameraet var alltid med han på tokt. Motivet for fotograferinga var først og fremst å dokumentere geologiske formasjonar, fjell, brear og steinprøvar. Men han fekk òg med seg mange vene stadmotiv og menneska rundt han. Negativsamlinga hans består av 2962 glasplater og planfilmar. Bileta finst på Billedsamlingen, Universitetsbiblioteket i Bergen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]