John Brunner

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
John Brunner
Fødd 24. september 1934
Wallingford
Død

25. august 1995
Glasgow

Yrke romanforfattar, skribent, science fiction-forfattar

John Kilian Houston Brunner (24. september 193426. august 1995) var ein britisk forfattar av skjønnlitterær prosa og poesi, mest kjent som science fictionforfattar.[1]

John Brunner var fødd i Wallingford i Oxfordshire i England. Han debuterte med romanen Galactic Storm under pseudonymet Gill Hunt i ein alder av 17 år,[2] men fekk så eit opphald i bokutgjevingane fram til 1959. Han publiserte fleire noveller i mellomtida, til dømes «Thou Good and Faithful» som var med i mars 1953-nummeret av Astounding under pseudonymet John Loxmith.[3]

Han fekk Hugo-prisen i 1969 for romanen Stand on Zanzibar,[4] og BSFA Award frå British Science Fiction Association for den same boka og for The Jagged Orbit året etter.[5]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. The Encyclopedia of Science Fiction om John Brunner
  2. «Five Fascinating Facts about John Brunner» hos Interesting Literature
  3. The Encyclopedia of Science Fiction om John Brunner
  4. The Hugo Awards sin nettstad om utdelingane av Hugo i 1969
  5. «British Science Fiction Association Award» på Worlds Without End

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]