John Bryans

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

John Bryans var ein stormeister for Orangeordenen i Irland.

Bryans hadde bondebakgrunn frå Portadown-området, hadde arbeidd som handelsreisande sidan 1909, og då han vart leiar for Orangeordenen i Irland (stormeister) i 1968, var han 82 år gamal. Denne oppgåva hadde han til 1971, då han vart sett under press for å trekkja seg. [1] Eit heilt anna og langt meir kritisk bilete kjem fram i omtale i ei eldre fagbok. Ifylgje denne forfattaren skal Bryans ha levd eit liv med hemmelege paramilitære kontaktar i Ulster Volunteer Force (UVF), medlemskap i den obskure sekta Britiske Israelittar og løynde homofile og pedofile legningar.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. David FitzPatrick; Descendancy. Irish Protestant Histories since 1795. Cambridge, Cambridge University Press 2014, s. 101ff. ISBN 978-1-107-44029-6
  2. Martin Dillon; God and the Gun. The Church and Irish Terrorism. London, Routledge 1997, s. 172 .ISBN 0-415-92060-4