John Byng

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
John Byng

Statsborgarskap Kongeriket Storbritannia
Fødd 28. oktober 1704
Southill
Død

14. mars 1757 (52 år)
Portsmouth, Portsmouth Harbour, HMS Monarch

Yrke politikar, marineoffiser
Språk engelsk
Far George Byng, 1. vicomte Torrington
Mor Margaret Master
John Byng på Commons

Admiral John Byng (29. oktober 170414. mars 1757) var ein offiser i Royal Navy som vart stilt for krigsrett og avretta for å ha mislukkast i år «gjere sitt yttarste» under slaget ved Menorca i starten på sjuårskrigen.

Byng gjekk inn i marinen i 1718, 14 år gammal. Far hans var då ein veletablert admiral med ei stor karriere som hadde vunne mange sjøslag og var høgt akta av kongane han tente.

Tidleg i karrieren vart Byng send til ein rekkje postar i Middelhavet. 23 år gammal vart han kaptein på HMS «Gibraltar». Fram til 1739 kom han ikkje ut i kamp.[1]. I 1742 vart han kommandørguvernør i den britiske kolonien Newfoundland.[1]

Han vart forfremma til kontreadmiral i 1745 og til viseadmiral i 1747.[1] Han tente på dei mest komfortable stasjonane og unngjekk dei meir krevjande oppgåvene i marinen.[2]

I 1756 fekk han i oppgåve å segle til Menorca, som var under britisk kontroll, for å hjelpe garnisonen der i forsvaret mot den franske marinen. Franskmennene kom dit før Byng og flåten hans nådde fram, og slaget ved Menorca fann stad utanfor øya. Dette markerte starten på sjuårskrigen i Europa. Byng kom imot den franske flåten på ei linje, men med ein vinkel i forhold til den franske linja. Dette medførte at dei første skipa i linja vart hardt råka av fransk kanoneld, før dei bakre skipa i den britiske flåten kom innanfor rekkevidd for sine kanonar. Byng innsåg at han ikkje ville klare å påføre franskmennene noko skade og vende attende til Gibraltar, der han hadde starta reisa.

Det mislukka slaget og tapet av Menorca førte til stort sinne i Storbritannia. Byng vart ført heim og stilt for krigsrett for brot på Krigsartiklane. Lova sa at dersom ein offiser ikkje hadde gjort sitt yttarste, skulle han dømmast til døden, og slik vart det òg med Byng, som retten meinte hadde vist dårleg mot. John Byng vart skoten 14. mars 1757 om bord på HMS «Monarch».

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 Godfrey, Michael (2000). «Byng, John». Dictionary of Canadian Biography Online. Library og Archives Canada. Henta 4. mars 2008. 
  2. 1911 Encyclopædia Britannica/Byng, John, Wikisource 1911 encyclopedia project.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]