John Capek

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
John Capek
Fødd26. november 1946 (74 år)
FødestadPraha i Tsjekkoslovakia
OpphavTsjekkia
Instrumenttangentinstrument
Verka somkomponist, musikar
Gift medBatsheva Capek

John Joseph Capek[1] (fødd 26. november 1946) er ein australsk-tsjekkisk komponist, arrangør, klaverspelar og produsent.

Capek flytta med familien til Melbourne i Australia då han var tre år. I 1973 flytta han til Canada.

I Toronto spelte Capek klaverinstrument og arrangerte songar for Marc Jordan, Ian Thomas, Dan Hill og Dianne Brooks. Han flytta så til Los Angeles og skreiv songar for René Shuman, Rod Stewart, Joe Cocker, Diana Ross, Manhattan Transfer, Isaac Hayes og mange andre. Som studiomusikar arbeidde han med produsentar som Humberto Gatica og John Boylan.

Han var medlåtskrivar på det meste av albumet One Foot in Front av den australske songaren John Paul Young i 1984. I 1995 kom han attende til Toronto og fortsette å skrive musikk for Stewart, i tillegg til Cher, Amanda Marshall, Bonnie Raitt og andre.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]