John Carew

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
John Carew
Personleg informasjon
Fullt namn John Alieu Carew
Kallenamn Lille-John
El Vikingo de Ébano (Ibenholtvikingen)
Hulken
Fødd 5. september 1979
Fødestad Lørenskog
Høgd 193 cm
Posisjon Angrep
Ungdomsklubbar
1997 Lørenskog
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
1997–1999 Vålerenga 33 (14)
1999–2000 Rosenborg 17 (18)
2000–2004 Valencia 84 (20)
2003–2004Roma (lån) 20 (6)
2004–2005 Beşiktaş 24 (13)
2005–2007 Lyon 35 (10)
2007–2011 Aston Villa 113 (37)
2011Stoke City (lån) 10 (1)
2011–2012 West Ham United 19 (2)
Landslag
1998–2011 Noreg 091 0(24)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 18. april 2012
‡ Landslagsmål oppdatert 21. august 2011

John Alieu Carew (fødd 5. september 1979) er ein tidlegare norsk landslagsspelar i fotball. Han er 1,93 m høg og veg rundt 90 kg, spelte i hovudsak spiss og er kjend for ekstrem fart og hovudstyrke.

John Carew er fødd i Lørenskog. Far hans er frå Gambia medan mor hans kjem frå Heidal i Gudbrandsdalen i Noreg. Carew debuterte på A-landslaget i 1998, og vart med det den fyrste farga spelaren på det norske landslaget. I periodar har han nekta å spele på landslaget, og då spesielt etter ein episode i Drammen der han utøvde vald mot medspelar (John Arne Riise) etter ei trening.

Carew hadde per desember 2006 spela 59 A-landskampar, og scora 14 mål for Noreg. Frå før hadde han 37 kampar på aldersbestemte landslag.

John Carew fekk Kniksenprisen i 2006 for prestasjonane sine i Olympique Lyonnais i 2005.

22. januar 2007 gjekk Carew over til Aston Villa, som del av ein byttehandel der Olympique Lyonnais fekk Milan Baros. Han var Aston Villa sin toppskårar i Premier League i 2007/08-sesongen, med 13 seriemål.

Karriere som spelar[endre | endre wikiteksten]

(Sist oppdatert 22. januar 2006)

Klubb Kampar* Mål* Periode Meisterskap
Noreg Lørenskog ? ? ????-1997
Noreg Vålerenga 43 19 1997-1999 Cupmeister 1997
Noreg Rosenborg 22 17 1999-2000 Seriemeister 1999
Spania Valencia 84 20 2000-2003 Spansk seriemeister 2002
Italia AS Roma (lån) 19 5 2003-2004
Tyrkia Besiktas 24 13 2004-2005
Frankrike Lyon 17 7 2005-2007 Fransk seriemeister 2006
Aston Villa 0 0 2007-

* Berre seriekampar.

Meritt[endre | endre wikiteksten]

Personlege utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

Vålerenga IF[endre | endre wikiteksten]

Rosenborg BK[endre | endre wikiteksten]

Valencia CF[endre | endre wikiteksten]

Lyon[endre | endre wikiteksten]