John S. Carter

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå John Carter)
Hopp til navigering Hopp til søk
John S. Carter
Fødd 14. juni 1945
Død

10. mai 2011

Yrke musikkprodusent, musikar, låtskrivar

John S. Carter jr. (14. juni 194510. mai 2011), betre kjend som berre Carter,[1] var ein amerikansk plateprodusent, låtskrivar, arrangør, musikar og A&R-mann.

Carter var son av ein oljearbeidar og fødd i East St. Louis i Illinois.[2] Musikkarrieren hans byrja i 1967 då han var medlåtskrivar på «That Acapulco Gold» (som nådde 70. plassen på Billboard Hot 100-lista) med Tim Gilbert frå The Rainy Daze. I lag med Gilbert skreiv han òg teksten til «Incense and Peppermints» av Strawberry Alarm Clock. Han arbeidde først for Atlantic Records og fekk jobb som artistspeiadar i Capitol Records. Her arbeidde han med Bob Seger (og var med å realisere albumet Night Moves) og Steve Miller Band i tida då dei braut gjennom. Han signerte òg kontrakt med Sammy Hagar, Bob Welch og The Motels for Capitol, og var medlåtskrivar og produsent på nokre av dei første utgjevingane deira.

Carter var med å relansere karrieren til Tina Turner i 1980-åra.[2] I 1983, trass i motstand frå Capitol, signerte han kontrakt med ho og oversåg den første innspelinga hennar for Capitol, Private Dancer, og produserte tittelsporet. Albumet selde meir enn 20 millionar eksemplar og gjorde Turner til ei global superstjerne.

Carter døydde var kreft den 10. mai 2011 i Palm Springs i California.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Sammy Hagar. Red: My Uncensored Life in Rock. HarperCollins, 2011. p. 63. ISBN 978-0-06-200928-9
  2. 2,0 2,1 2,2 «Passings: Bill Summers, John S. Carter, Ruth C. Cole». Los Angeles Times 24 Mai 2011. Henta 18. april 2016.