John Cowan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
John Cowan

Fødd24. august 1953 (70 år)
FødestadMinerva i Ohio i USA
OpphavUSA
AktivSidan 1970-åra
SjangerBluegrass
Instrumentbassgitar
PlateselskapSugar Hill, RCA
Verka somMusikar

John Cowan (fødd 24. august 1952) er ein USA-amerikansk soul og progressiv bluegrass-vokalist og bassist. Han var songar og bassist for New Grass Revival.[1] Cowan vart bassist i bandet i 1972, etter at den opphavlege bassisten Ebo Walker slutta[2] og var det einaste medlemmet i New Grass Revival som ikkje hadde ein bluegrassbakgrunn.[3][4]

Frå 1988 til 1996 spelte Cowan i lag med Rusty Young frå Poco, Bill Lloyd frå Foster & Lloyd og Pat Simmons frå The Doobie Brothers i eit band opphavleg kalla Four Wheel Drive, og som seinare endra namn til The Sky Kings.[1] Dei gav ut fleire singlar og spelte inn to album som ikkje kom ut før i 1997.

Cowan var òg bassist i The Doobie Brothers frå 1993 til 1995. I tillegg har Cowan spelt i lag med Travis Tritt, Steve Earle, Garth Brooks og Wynonna Judd.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Studioalbum[endre | endre wikiteksten]

  • 1986: Soul'd Out! (Sugar Hill) [as Johnny «C]»
  • 2000: John Cowan (Sugar Hill)
  • 2002: Always Take Me Back (Sugar Hill)
  • 2006: New Tattoo (?)
  • 2009: Comfort and Joy (eOne)
  • 2010: The Massenburg Sessions (eOne)
  • 2014: Sixty (Compass)

Konsertalbum[endre | endre wikiteksten]

  • 2009: 8,745 Feet: Live at Telluride (eOne)

Som medlem av New Grass Revival[endre | endre wikiteksten]

Som medlem av The Sky Kings[endre | endre wikiteksten]

  • 2000: From Out of the Blue (Rhino Handmade)
  • 2014: 1992 (Sony)

Som gjesteartist[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Loftus, Johnny. «John Cowan biography». Allmusic. Henta 15. oktober 2020. 
  2. Wolff, Kurt; Duane, Orla (2000). Country music: the rough guide. s. 242. ISBN 9781858285344. 
  3. Stambler, Irwin; Laudon, Grelun; Stambler, Lyndon (14. juli 2000). Country Music: The Encyclopedia. s. 339–341. ISBN 9780312264871. 
  4. Larkin, Colin (1998). The Virgin encyclopedia of country music. s. 304. ISBN 9780753502365. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]