John Dawson

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
John Dawson

John «Marmaduke» Dawson i 1973
Fødd16. juni 1945(1945-06-16)
FødestadChicago i Illinois
Død21. juli 2009 (64 år)
DødsstadSan Miguel de Allende i Mexico
FødenamnJohn Collins Dawson IV
AliasMarmaduke
OpphavSan Francisco i California i USA
Aktiv1964–1997
SjangerCountryrock
Instrument
  • Vokal
  • gitar
Tilknytte artistarNew Riders of the Purple Sage
Verka somgitarist, songar

John Collins Dawson IV (16. juni 194521. juli 2009), med kallenamnet «Marmaduke», var ein USA-amerikansk musikar, songar og låtskrivar. Han var mest kjend som leiar og medgrunnleggjar av countryrockbandet New Riders of the Purple Sage. Han song solovokal på dei fleste av songane deira.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Musikkarrieren til Dawson byrja i midten av 1960-åra i visemiljøet i San Francicso Bay Area. Der møtte han gitaristen David Nelson, og var ein del av ei roterande besetning i Mother McCree's Uptown Jug Champions, eit jugband der Jerry Garcia og fleire framtidige medlemmar av Grateful Dead spelte.[1] Etter ein periode på Occidental College, vart Dawson verande i Los Angeles i fleire år. I 1969 kom han attende til San Francisco-området og spelte mellom anna på Aoxomoxoa, det tredje studioalbumet til Grateful Dead. Han byrja òg å skrive fleire countryrocksongar, samstundes som Garcia byrja å interessere seg for pedalsteelgitar. I lag med David Nelson, skipa dei New Riders of the Purple Sage.[2] The New Riders vart oppvarmingsband for Grateful Dead, og den originale besetninga inkluderte tre Grateful Dead-medlemmar . I 1970 og 1971 spelte New Riders og Grateful Dead fleire konsertar i lag.[3][4] I november 1971 erstatta Buddy Cage Jerry Garcia som pedalsteelgitarist i New Riders.[5]

Dawson var i same periode gjestemusikar på studioalbum av Grateful Dead, som Workingman's Dead (1970) og American Beauty (1970).[6] I lag med Jerry Garcia og Robert Hunter, var han medlåtskrivar på songen «Friend of the Devil».[7]

Dei neste åra leia Dawson og Nelson eit New Riders of the Purple Sage i stadig endring, og spelte ein psykedelisk-aktig countryrock og gav ut ei rekkje studio- og konsertalbum. I 1997 trekte Dawson seg frå musikkindustrien, flytta til Mexico og vart engelsklærar, og New Riders vart oppløyst.

I 2005 starta David Nelson og Buddy Cage opp att New Riders of the Purple Sage, utan Dawson, men med hans løyve og støtte. Sidan dukka Dawson opp på fleire New Riders-konsertar som gjesteartist.[8]

Dawson døydde i Mexico av magekraft den 21. juli 2009.[9][10][11][12][13]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «The Grateful Dead: Biography». Rolling Stone. Arkivert frå originalen 27. mars 2010. Henta 17. oktober 2020. 
  2. McNally, Dennis (2002). A Long Strange Trip: The Inside Story of the Grateful Dead. Broadway Books. s. 318. ISBN 0-7679-1185-7. 
  3. Jackson, Blair (1999). Garcia: An American Life. Penguin Books. s. 183–184. ISBN 0-14-029199-7. 
  4. McNally, p. 366.
  5. Jackson, p. 224–225.
  6. «John Dawson Discography». The Grateful Dead Family Discography. Henta 13. september 2009. 
  7. Jackson, p. 183.
  8. Selvin, Joel (3. september 2007). «Summer of Love Bands and Fans Jam in Golden Gate Park». San Francisco Chronicle. Henta 17. oktober 2020. 
  9. Liberatore, Paul. «John Dawson, a Founder of the New Riders of the Purple Sage, Dies at 64» Arkivert 2009-07-27 ved Wayback Machine., Marin Independent Journal, 22. juli 2009
  10. Tamarkin, Jeff. «John 'Marmaduke' Dawson, New Riders Founder, Dies at 64»[daud lenkje], Relix, 22. juli 2009
  11. Sisario, Ben. «John Dawson, Country-Rock Songwriter, Dies at 64», The New York Times, 24. juli 2009
  12. Vaziri, Aidin. «Country Rock Musikar John Dawson Dies», San Francisco Chronicle, 25. juli 2009
  13. Nelson, Valerie J. «John 'Marmaduke' Dawson Dies at 64; Founder of New Riders of the Purple Sage», Los Angeles Times, 26. juli 2009