John Deacon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
John Deacon
Bass player queen.jpg
Deacon med Queen på RDS Arena i Dublin i 1979.
Verkeleg namn John Richard Deacon
Fødd 19. august 1951 (67 år)
Leicester, England
Instrument

Bassgitar

Sjanger rock
Aktive år 1965–1997 (pensjonert)
Yrke
  • Musikar
  • låtskrivar
Tilknytte artistar Queen

John Richard Deacon (fødd 19. august 1951) er ein tidlegare engelsk musikar, mest kjend som bassgitarist[1] for rockebandet Queen. Han skreiv fleire av hitsinglane til Queen, som «You're My Best Friend», «Another One Bites The Dust» og «I Want To Break Free», og var involvert i den økonomiske styringa av gruppa.

Deacon voks opp i Oadby i Leicestershire, der han spelte bass i eit lokalt band, The Opposition, før han studerte elektronikk ved Chelsea College i London. Han vart den fjerde bassisten til Queen i 1971, 19 år gammal, fordi han var ein roleg person og kunne elektronikk. Han laga mellom anna ein forsterkar som gitaristen Brian May nytta til å skape gitarorkestera sine gjennom karrieren til Queen. Frå det tredje albumet, Sheer Heart Attack, og frametter, skreiv han minst ein song per album og fleire av dei vart hittar. Songen hans «Another One Bites the Dust» vart den bestseljande singelen til Queen i USA. I tillegg til bass, spelte Deacon noko gitar og klaverinstrument i studio for Queen, men var det einaste medlemmet som ikkje song på platene deira.

Freddie Mercury døydde i 1991, og etter hyllestkonserten hans året etter, spelte Deacon berre nokre få gonger med dei attverande QUeen-medlemmane, før han trekte seg attende frå musikkindustrien i 1997. Han har ikkje spelt på nokre av dei andre prosjekta dei to attverande medlemmane i Queen, May og Roger Taylor, har sett saman.

I følgje rikinglista til The Sunday Times var Deacon verdt 65 millionar pund, eller kring 103 millionr dollar, i 2011 (ca. 600 millionar kroner i 2011-kurs).[2]

Ein ny art av slekta Heteragrion (Odonata : Zygoptera) frå Brasil vart kalla Heteragrion johndeaconi til ære for han.[3]

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå diskografien til Queen.

Queen-singlar John Deacon skreiv:

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Barrett, John. «The 20 Most Underrated Bass Gitarists». Paste Monthly. Henta 20. mai 2016. 
  2. «The top 50 richest people in music: Sunday Times Rich List». This is Money. Henta 20. mai 2016. 
  3. Lencioni, F.A.A. (9 July 2013). «Diagnoses and discussion of the group 1 and 2 Brazilian species of Heteragrion, with descriptions of four new species (Odonata: Megapodagrionidae). Zootaxa 3685 (1): 001–080.» (PDF). Zootaxa. Magnolia Press – Auckland, New Zealand. Henta 26 September 2015. 
  4. «Spread Your Wings». AllMusic. Henta 20. mai 2016. 
  5. 5,0 5,1 «Queen : The Singles Collection». AllMusic. Henta 20. mai 2016. 
  6. «Queen : Song Highlights». AllMusic. Henta 20. mai 2016. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: John Deacon