John Edward Gray

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
John Edward Gray
Gray John Edward 1800-1875.png
Fødd12. februar 1800
Walsall
Død7. mars 1875
London
NasjonalitetDet sameinte kongeriket Storbritannia og Irland, Kongeriket Storbritannia
Områdenatur, zoologi, botanikk
Yrkebiolog, zoolog, ornitolog, philatelist, botanikar
InstitusjonarBritish Museum
EktefelleMaria Emma Gray
MedlemRoyal Society
Deutsche Akademie der Naturforscher Leopoldina
Accademia delle Scienze di Torino

John Edward Gray (12. februar 18007. mars 1875) var ein britisk zoolog. Han var storebror til George Robert Gray og son av farmakologen og botanikaren Samuel Frederick Gray.

John Gray var zoologiinspektør ved British Museum i London frå 1840 til 1874. Han gav ut fleire katalogar over samlingane til museet, som òg inneheldt omfattande diskusjonar om dyregrupper og skildringar av nye arter. Han forbetra dei zoologiske samlingane ved museet og gjorde dei til nokre av dei beste i verda.

Gray var fødd i Wallsall i Midlands, men familien flytta til London der han studerte medisin. Han hjelpte faren med å skriva The Natural Arrangement of British Plants (1821). Gray vart tilsett ved Den zoologiske avdelinga til British museum i 1824 for å hjelpa John George Children med å katalogisera reptilsamlinga. I 1840 overtok han Children sin post som zoologiinspektør.

Gjennom dei 50 åra då han var tilsett ved British Museum skreiv Gray nesten 500 avhandlingar. Mange av dei skildra nye artar, melllom anna afrikansk palmerullar, baykatt, berghøne, karakal og tartarfalk. Han står òg oppført som autor for grupper som eplesniglar, kenguruar, menneskeapar, pungrotter, storkar og stålormar. Dei meste kjende krypdyra i Australia er som regel skildra av Gray: Krageagam, blåtungeskinkar, torndjevel og gouldvaran.

Verk[endre | endre wikiteksten]

  • Illustrations of Indian Zoology (1830–1835)
  • The Zoological Miscellany. To Be Continued Occasionally (1831)
  • Catalog of Shield Reptiles (1855 og 1870)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]