John Ertzgaard

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
John Ertzgaard


Statsborgarskap Noreg
Fødd 18. juni 1977 (46 år)
Nairobi, Kenya
Idrett friidrett, sprint
Tok del i

Sommar-OL 2000

Utmerkingar

Kongepokal

John Ertzgaard (fødd 18. juni 1977) er ein norsk tidlegare friidrettsutøvar av ugandisk opphav, fødd i Nairobi. Han var den beste sprintaren i Noreg i åra frå 1999 til 2004, når han var skadefri, og vann i perioden 2000-05 fire NM-gull på 200 meter og to på 100 m. Ertzgaard var medlem av Raufoss Idrettslag, bortsett frå åra 1995-98 då han representerte oslolaget IK Tjalve.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Ertzgaard kvalifiserte seg til finalen på 100 meter i junior-verdsmeisterskapen 1994 og enda sist i finalen. Hans personlege rekordar lydde då på 10,73 og 21,41 sekundar på høvesvis 100 m og 200 m. To år seinare forbetra han dei til 10,53 og 21,21. Han pynta 100-meterrekorden til 10,49 i 1997 og 10,48 i 1998, siste året forbetra han seg til 21,13 på 200 m. Alle desse åra stod han heilt i skuggen av Geir Moen.

Den store framgangen kom i 1999. Heile tre gongar sprang Ertzgaard inn til 10,27 sekundar på 100 m, og i Göteborg gjorde han sitt livs løp på 200 m då han vart klokka inn på 20,47 sekundar. Han vann 200-meteren i U23-EM og tok seg til semifinalane på distansen under verdsmeisterskapen i Sevilla.

I 2000 fekk Ertzgaard kongepokalen for sigeren på 200 meter under NM. Han deltok i Sommar-OL 2000 i Sydney, der han vart utslått i forsøka etter ein heller svak 200 meter. Året etter sette han sin endelege personlege rekord på 100 m på 10,26 sekundar i eit stemne i finske Vaasa. Same sesongen prøvde han seg på 400 meter og fekk i september notert 46,80 på Bislett stadion, nasjonalt ei framifrå tid som berre noregsrekordhaldaren Quincy Douglas makta slå den sesongen.

Etter 2002 sleit Ertzgaard ofte med skadar, og han kom aldri tilbake til sitt tidlegare toppnivå, ei heller i sine meir skadefrie periodar. Og nasjonalt vart han parkert av den nye toppsprintaren, innvandraren Jaysuma Saidy Ndure.

Ertzgaard la opp i 2008. Han vart tildelt Norges Friidrettsforbunds fortjenestemedalje i 2004.

Medaljar i norske meisterskap[endre | endre wikiteksten]

  • 1996: Sølvmedalje på 200 m – 21,57
  • 1998: Sølvmedaljar på 100 m – 10,36, og på 200 m – 21,33
  • 2000: Gullmedaljar på 100 m – 10,43, og på 200 m - 20,70
  • 2001: Gullmedaljar på 100 m – 10,31, og på 200 m - 21,01
  • 2003: Gullmedalje på 200 m – 21,27
  • 2005: Gullmedalje på 200 m – 21,65, sølvmedalje på 100 m – 10,57
  • 2007: Sølvmedalje på 200 m – 21,56, bronsemedalje på 100 m – 10,80

Deltaking i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

  • EM 1998 i Budapest: Utslått i mellomheat 100 m (nr 20 – 10,48)
  • VM 1999 i Sevilla: Utslått i semifinalane på 200 m (nr 13 – 20,72)
  • OL 2000 i Sydney: Utslått i forsøka på 200 m (nr 39 – 21,00)
  • VM 2001 i Edmonton: Utslått i kvartfinalane på 100 m (nr 22 -10,25) og 200 m (nr 27-20,88)
  • EM 2002 i München: Utslått i semifinalane på 100 m (nr 14- 10,45) og 200 m (nr 16)
  • EM 2006 i Göteborg: Utslått i forsøka på 100 m (nr 34- 10,62)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]