John Etheridge

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

John Michael Glyn Etheridge (fødd 12. januar 1948 i Lambeth i London) er ein britisk jazz/fusiongitarist tilknytt Canterbury scene.

Tidleg i karrieren spelte han ei kort stundi Deep Purple-sidegreina Warhorse. I 1972 vart han med i bandet til tidlegare Curved Air-fiolinist Darryl Way, Wolf, som spelte inn tre album. I 1975 vart han med i Soft Machine. Han spelte inn to album med bandet, Softs (1976) og Alive & Well: Recorded in Paris (1978). Sidan spelte han med den franske fiolinisten Stéphane Grappelli og bandet 2nd Vision med Ric Sanders.

I 1980-åra spelte han med sin eigen trio og slo seg sidan saman med tidlegare Isotope-gitarist Gary Boyle. Mellom 1989 og 1993 var han medlem i bandet til tidlegare Pentangle-bassist Danny Thompson, Whatever. Han turnerte òg ein del med saksofonisten Dick Heckstall-Smith. I 1990-åra spelte han mellom andre med Nigel Kennedy og Andy Summers og gav i 1994 ut det første soloalbumet sitt, Ash. Han har sidan gjeve ut fleire soloalbum.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]