John F. Kennedy

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå John Fitzgerald Kennedy)
John Fitzgerald Kennedy

President i USA
Periode20. januar 196122. november 1963
PartiDet demokratiske partiet i USA
Fødd29. mai 1917 i Brookline i Massachusetts
FødestadBrookline
Død22. november 1963 i Dallas i Texas
DødsstadParkland Hospital
MorRose Kennedy
FarJoseph P. Kennedy
EktefelleJacqueline Bouvier Kennedy
SambuarMarilyn Monroe, Inga Arvad, Gene Tierney, Gunilla von Post, Judith Exner, Mary Pinchot Meyer, Marlene Dietrich, Mimi Alford, Pamela Turnure, Florence Pritchett, Kay Stammers, Angie Dickinson, Jeanne Carmen, Frances Ann Cannon
BarnJohn Fitzgerald Kennedy jr., Patrick Bouvier Kennedy, Arabella Kennedy, Caroline Kennedy
MedlemAmerican Academy of Arts and Sciences
American Legion
Veterans of Foreign Wars
FøregangarDwight D. Eisenhower
EtterfølgjarLyndon B. Johnson

John Fitzgerald Kennedy (29. mai 191722. november 1963), òg kalla «JFK» eller «Jack» Kennedy, var ein amerikansk politikar for det demokratiske partiet i USA) og president i USA frå 1961 til 1963. Han var nummer 35 i rekkja over presidentar og den første katolske presidenten i landet. John F. Kennedy vart drepen i eit attentat.

John F. Kennedy var fødd i Brookline i Massachusetts i USA. Han var son av Joseph Kennedy og bror til Robert Kennedy og Edward Kennedy. Han gifta seg med Jacqueline Bouvier Kennedy den 12. september 1953.

Presidenten vart drepen under ei offisiell vitjing til Dallas i Texas den 22. november 1963). I høve granskingskommisjonen etter mordet, den såkalla Warrenkommisjonen, var han myrda av Lee Harvey Oswald. Oswald skal ha skote fleire skot mot Kennedy frå eit bygg i Dallas. Andre granskarar har kome til at fleire må ha vore med i alle høve på planlegginga. I ettertid er det sett fram ymse konspirasjonsteoriar knytt til mordet på Kennedy.

Kennedy var som president mellom anna ansvarleg for forsøket på å invadera Cuba via Grisebukta i 1961. Året etter var den såkalla Cubakrisa.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikifrasar Wikifrasar har ei sitatsamling som gjeld: John F. Kennedy
Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: John F. Kennedy
Spire Denne historieartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.