John Fogerty

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
John Fogerty

John Fogerty i Lucca i Italia i 2009
Fødd28. mai 1945 (78 år)
FødestadBerkeley, California, United States
FødenamnJohn Cameron Fogerty
AliasThe Blue Ridge Rangers
OpphavUSA
Aktiv1959 til i dag
SjangerRoots-rock, countryrock, bluesrock, swamp-pop, Southern rock, rock and roll, heartland-rock, Americana
InstrumentGitar, synging, munnspel, klaverinstrument
Kjende instrumentGibson Les Paul
Rickenbacker 325
Fender Telecaster
PlateselskapVerve Forecast, Fantasy, Asylum, Warner Bros., DreamWorks, Geffen
Verka somMusikar, låtskrivar, plateprodusent
PrisarAmericana Lifetime Achievement Award for Songwriting, stjerne på Hollywood Walk of Fame

John Cameron Fogerty (fødd 28. mai 1945) er ein amerikansk musikar, låtskrivar og gitarist, mest kjend for tida si som frontmann i Creedence Clearwater Revival og som soloartist.[1] Fogerty er ein av få som er nemnd både lista til Rolling Stone over dei 100 beste gitaristane (40. plass) og den 100 beste songarane (72. plass) i verda. Songane hans «Proud Mary» og «Born on the Bayou» er òg rangert blant dei beste popsongane («Proud Mary», 41. plass) og gitarsongane («Born on the Bayou», 53. plass) gjennom tidene.

Fogerty vant i 1997 Grammy for «Årets beste rock-album» med albumet Blue Moon Swamp. Fogertys musikk ligg hovudsakleg innan sjangrane rock, country og swamp-rock.

1959–1972[endre | endre wikiteksten]

Fogerty grunnla i 1959 rockebandet Tommy Fogerty and the Blue Velvets saman med bror sin Tom. Bandet endra seinare namn til The Velvets. Dei skifta namn i 1964 til The Golliwogs, som igjen vart endra til Creedence Clearwater Revival i desember 1967. I CCR hadde Fogerty stordomstida si som frontfigur, låtskrivar og songar. Heile ni låtar som gruppa hadde i sitt repertoar, alle skrivne av Fogerty, hamna på topp 10-lister verda over. Ein av dei mest kjente songane Fogerty skreiv var «Proud Mary». Ike & Tina Turner hadde suksess med ein coverversjon av låten, som vart skriven i 1969. Òg Elvis Presley spelte låten ofte under konsertane sine på byrjinga av 1970-talet.

Under innspelinga av albumet Mardi Gras vart Fogerty uvener med Doug Clifford og Stu Cook. Året før hadde han og broren Tom vorte uvener. Då CCR vart oppløyst i oktober 1972 byrja han innspelinga av det første soloalbumet, The Blue Ridge Rangers som kom ut i april 1973.

1972–1986[endre | endre wikiteksten]

The Blue Ridge Rangers inneheldt coverversjonar av kjente country-songar. Fogerty brukte ein stor del av 1974 til å skrive nye songar, og i 1975 kom det andre soloalbumet hans, John Fogerty. Albumet inneheldt blant anna songen «Rockin' All Over the World», som vart ein hit. I 1977 spelte det engelske bandet Status Quo inn sin kjende versjon av songen. Fogerty byrja innspelingar av eit nytt album i 1976, men han var ikkje nøgd med resultatet og albumet Hoodoo vart aldri gjeve ut.

Personlige problem og uvenskapen hans med Saul Zaentz og Fantasy Records medverka til at han forsvann frå musikkverda i 1976. I 1985 gjorde han comeback, og fekk ein hit med låten «The Old Man Down the Road» og albumet Centerfield, der han spelte samtlege instrument sjølv. Han vart no saksøkt av Fantasy Records med skuldingar om plagiat. Fantasy Records eigde rettane til alle songane til Fogerty, og no vart han skulda for å plagiere seg sjølv. Dessuten vart han saksøkt av Saul Zaentz for ærekrenkingar. Fogerty vart ikkje dømd for plagiat, men måtte endre ein «ærekrenkande» songtittel. Seinare saksøkte Fogerty Zaentz med krav om erstatning for kostnadane hans i plagiatsaka, og vann fram. Etter albumet Eye of the Zombie i 1986, forsvann han frå musikkbransjen nok ein gong.

1997–[endre | endre wikiteksten]

I 1997 kom albumet Blue Moon Swamp, og no var John Fogerty tilbake for fullt etter 11 år. Albumet var ein bestseljar i fleire land, og han vann Grammy for «Best Rock Album of the Year» i 1997. Singelen «Blueboy» vart ein hit i fleire land. Etter ein verdsturné og konsertalbumet Premonition i 1998, trekte han seg igjen unna rampelyset.

I 2004 var han tilbake med albumet Deja Vu (All Over Again), og gjennomførte nok ein verdsturné. Sidan 2005 har Fogerty stadig vekk halde konsertar, og albumet Revival kom ut i 2007. Revival kom på 11. plass på musikkmagasinet Rolling Stone si liste over dei 50 beste albuma frå 2007. I 2009 gav han ut albumet The Blue Ridge Rangers Rides Again på sitt eige plateselskap Fortunate Son Records.

Han fekk ei stjerne på Hollywood Walk of Fame i 1998. Då Creedence Clearwater Revival vart innvalt i Rockens æresgalleri i 1993, nekta Fogerty å spele saman med dei tidlegare bandkollegaene sine.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

for utgjevingar med Creedence Clearwater Revival, sjå diskografien til Creedence Clearwater Revival

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Billboard 200». billboard.com. March 23, 1985. Henta 16. august 2013. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]