John Fonville

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

John Fonville er ein USA-amerikansk fløytist og komponist. Fonville spesialiserer seg på utvida teknikkar på fløyte, særleg mikrotonalitet, og speler på instrumentet med fleire kvarttonar.[1][2][3] Han har framført premiereverk av komponistane Ben Johnston, Salvatore Martirano, Joji Yuasa, Roger Reynolds, Hiroyuki Itoh og Paul Koonce.[2] Han er medlem av the Tone Road Ramblers, the Eolus Quintet og UCSD Department of Music's Performance Lab.[2] Han har skrive bøkene Microtonal Fingerings for Flute (1987), A Pedagogical Approach to the Flute Etudes of Joachim Andersen (1981) og «Ben Johnston's Extended Just Intonation- A Guide for Interpreters» (1991).

John Fonville har spelt for fleire artistar, mellom anna for Isaac Hayes på kjenningemelodien til filmen Shaft, «Theme from Shaft».

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. "Kingma System Flutists[daud lenkje]", BrannenFlutes.com.
  2. 2,0 2,1 2,2 "John Fonville[daud lenkje]", Music.UCSD.edu. Accessed September 05, 2014.
  3. Cindy Ying Shiung (2007). The Brannen-Cooper Kingma System Flute: A Resource Thesaurus of Multiphonic Production Capability, p.3, 24, & 104. ISBN 9780549400455.