John F. Nash jr.

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå John Forbes Nash)
Hopp til navigering Hopp til søk
John F. Nash jr.
John Forbes Nash, Jr. by Peter Badge.jpg
Fødd13. juni 1928
Bluefield
Død23. mai 2015
Monroe Township
NasjonalitetUSA
Områdepartiell differensialligning, spelteori, differensialgeometri, matematikk, samfunnsøkonomi
Yrkematematikar, samfunnsøkonom, universitetslærar
InstitusjonarPrinceton University
Massachusetts Institute of Technology
Alma materPrinceton University
Carnegie Institute of Technology
Massachusetts Institute of Technology
DoktorgradsrettleiarAlbert W. Tucker
EktefelleAlicia Nash
MedlemAmerican Mathematical Society
National Academy of Sciences
American Academy of Arts and Sciences
American Philosophical Society
Det Norske Videnskaps-Akademi

Nobelprisen
Nobelprisen i økonomi
1994

John Forbes Nash Jr. (fødd 13. juni 1928 i Bluefield i West Virginia, død 23. mai 2015 i New Jersey [1]) var ein amerikansk matematikar som blir sett på som ein av dei største på 1900-talet. For det banebrytande arbeidet sitt innan spelteori på 1950-talet, fekk han Nobelprisen i økonomi i 1994 saman med to andre forskarar. Filmen Eit vakkert sinn (engelsk A Beautiful Mind) byggjer på livet til Nash.

Nash, ganske nyleg gift og pressa av krava sine til seg sjølv, fekk etter eit psykisk samanbrot i 1958 diagnosen som paranoid schizofrenisk. Mellom 1966 og 1996 gav han ikkje ut nye arbeid i det heile tatt, som følgje av sjukdommen. Far til Nash leid av same sjukdommen.

Da han var 16 år, vart han tildelt eit stipend og begynte å studere ved det daverande Carnegie Institute of Technology i Pittsburgh (noverande Carnegie Mellon University). Etter å ha teke mastereksamenen som 19-åring, gjekk han vidare til Princeton University der han fekk doktorgraden i matematikk 21 år gammal. Han vart så tilsett som professor ved MIT i Cambridge i Massachusetts.

Innanfor matematikken var Nash interessert i alt, men han var ein utprega konkurranseretta elitist og søkte etter dei største og beste resultata. Til spesialområda hans høyrde spelteori, diofantiske likningar, kvantemekanikk og relativitetsteori.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]