John G. Perry

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
John G. Perry
Fødd19. januar 1947 (77 år)
Auburn, New York, US
FødestadAuburn
FødenamnJohn Gerald Perry
OpphavStorbritannia
AktivSidan 1967
SjangerProgressiv rock
InstrumentBass
Tilknytte artistarCaravan, Quantum Jump
Verka somMusikar

John G. Perry (fødd 19. januar 1947)[1] er ein britisk bassist og songar.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Det første bandet til Perry var Gringo, som gav ut eit album i 1971. Etter ein kort periode som turnémusikar for Spreadeagle vart Perry spurt om å bli med i Caravan, som Gringo hadde turnert med i Storbritannia. Han var i Caravan i 1973 og 1974 og spelte inn eitt studioalbum med dei, For Girls Who Grow Plump in the Night (1973), og eit konsertalbum, Caravan and the New Symphonia (1974).

Han slutta i Caravan for å bli med i det nye bandet Quantum Jump, leia av klaverspelaren og vokalisten Rupert Hine. I 1976 gav Perry ut det første soloalbumet sitt, Sunset Wading.[2], i lag med Geoff Richardson (Caravan) på bratsj og fløyte, Rupert Hine på klaverinstrument og produksjon, Michael Giles på trommer, Morris Pert på perkusjon og to medlemmar frå det italienske jazzrockbandet Nova. Albumet fekk god kritikk og selde moderat. Den same besetninga spelte inn oppfølgjaren Seabird, men det tok 15 år før dette kom ut.

Utover i 1970-åra samarbeidde han med Gordon Giltrap og Anthony Phillips på fleire studioalbum, og spelte på album av Kevin Ayers og Curved Air.

I 1978 gjekk han saman med Mick Rogers (ex-Manfred Mann's Earth Band), Clive Bunker (ex-Jethro Tull/Steve Hillage) og Jack Lancaster (ex-Blodwyn Pig) og skipa Aviator, som gav ut eit par album.

Tidleg i 1980-åra turnerte han med Sally Oldfield og er med på eit av konsertalbuma hennar. Han sltta så å turnere for å konsentrere seg om arkivmusikk.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]