Hopp til innhald

John Greenleaf Whittier

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
John Greenleaf Whittier

StatsborgarskapUSA
Fødd17. desember 1807
Haverhill
Død

7. september 1892 (84 år)
Hampton Falls

Yrkeskribent, lyrikar, journalist, advokat
Politisk partiDet republikanske partiet
Medlem avAmerican Academy of Arts and Sciences
ReligionKvekarane
FarJohn Whittier
Signatur
John Greenleaf Whittier på Commons

John Greenleaf Whittier (17. desember 18077. september 1892) var ein amerikansk forfattar, kjend som salmediktar, og forkjempar for å avskaffa slaveriet i USA.

Liv og virke

[endre | endre wikiteksten]

John Greenleaf Whittier var son av John og Abigail (Hussey) i Haverhill. Midtnamnet hans trur ein kom frå fransk feuillevert, etter dei hugenottiske forfedrane hans.[1] Han voks opp på heimgarden med foreldra, ein bror, to systrer, ein bestemor og ein farfar, og det var ein stadig gjennomfart av vitjande og tilsette ved garden. Som gut viste det seg at han var fargeblind, og det var ein ulempe i landbruket – han kunne til dømes ikkje skilja mellom mogne og umodne jordbær.[2] Garden gav ikkje særleg avkastning. John Whittier passa ikkje så godt til hardt gardsarbeid, og leid av svak helse heile livet. Han fekk lite formell utdanning.

Publikasjon av Whittiers Our Countrymen in Chains

Det fyrste episke diktet «Moll Pitcher» frå byrjinga av 1830-talet handlar om ei legendarisk synsk kvinne i Lynn.[3] I den tidlege produksjonen sin skreiv Whittier òg kortprosa, og viste interesse for den lokale folketrua i New England. Blant dei omfangsrike verka hans er romanen Leaves from Margaret Smith's Journal (1849). Ei anna svært kjend bok er Snow-Bound.

Whittier var kvekar, og arbeidde aktivt mot slaveriet i Sørstatane, blant anna som aktiv medlem av American Anti-Slavery Society. Både i det journalistiske arbeidet sitt og i dikt som Ichabod tala han for abolisjonisme. Då den amerikanske konstitusjonen fekk sitt Thirteenth Amendment i 1865 blei slaveriet forbode, og dermed var innsatsen hans krona med hell. Seinare dikt krinsa difor om andre tema.

Medan han levde var Whittier ein av dei mest respekterte forfattarane i USA. I 1871 blei han vald inn som medlem av American Academy of Arts and Sciences.

Han er rekna til forfattargruppa Fireside Poets frå New England. Robert Burns var ein viktig influens for han. Som journalist arbeidde han i byrjinga av karrieren sin for ulike aviser i Haverhill og Boston og blei medredaktør for New England Weekly Review. Dette tidsskriftet, som kom ut i Hartford i Connecticut, var på denne tida det leiande talarøyret for Whig Party.[4]

I ettertid er han best hugsa som salmediktar, og songane hans blei framleis nytta både i USA og i Noreg. Han er representert i Norsk Salmebok og Norsk salmebok 2013 med salmen «Du Far og Herre» (opphavleg Dear Lord and Father of mankind).

Fleire landskap og stader i USA har namn etter han, mellom anna kvekarbusetjinga Whittier i California og Mount Whittier i Carroll County i New Hampshire, i Ossipee Mountains — sommarresidensen hans var i småstaden Ossipee i New Hampshire. Det er også stadene Whittier i Alaska og Whittier i Iowa, og bydelane Whittier i Minneapolis og i Denver. I Idaho er det ein liten by med namn etter mellomnamnet hans, Greenleaf. Både Whittier College og Whittier Law School er kalla opp etter han, like så ein park i Saint Boniface i Winnipeg, og Whittier Education Campus i Washington, DC.

Littaratur

[endre | endre wikiteksten]
  • Laurie, Bruce. Beyond Garrison: Antislavery and Social Reform. New York: Cambridge University Press, 2005. ISBN 0-521-60517-2
  • Wagenknecht, Edward. John Greenleaf Whittier: A Portrait in Paradox. New York: Oxford University Press, 1967.
  • Woodwell, Roland H. John Greenleaf Whittier: A Biography. Haverhill, Massachusetts: Trustees of the John Greenleaf Whittier Homestead, 1985.
  • Claus Bernet: «John Greenleaf Whittier» i Biographisch-Bibliographisches Kirchenlexikon (BBKL). Band 32, , Sp. 1492–1500.
  • Anne Kristin Aasmundtveit, Biografisk leksikon til Norsk Salmebok og Norsk Koralbok, Verbum Forlag, Oslo, 1995. ISBN 82-543-0573-0, s. 111
  1. Pickard T. Samuel, Life and Letters of John Greenleaf Whittier , Haskell House Publishers, New York , 1907 , SBN 8383-0191-6
  2. Wagenknecht, 18
  3. High Rock Arkivert 20. juni 2015 på Wayback Machine.. Location, History and Legends. Poetry of Places in Essex County. Opprinnelig publisert i New England Legends and Folklore av Samuel Francis Drake.
  4. John Greenleaf Whittier Arkivert 23. mai 2018 på Wayback Machine.. The Poet and His Love for Hampton. Lane Memorial Library, Hampton, NH.