John Guerin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
John Guerin
John Guerin 1976.jpg
Fødd31. oktober 1939
FødestadHawaii
Død5. januar 2004 (64 år)
DødsstadWest Hills
FødenamnJohn Payne Guerin
OpphavUSA
InstrumentPerkusjon
Tilknytte artistarL.A. Express, Joni Mitchell, The Byrds, Frank Sinatra, George Harrison, Frank Zappa, Thelonious Monk
Verka somMusikar

John Payne Guerin (31. oktober 19395. januar 2004) var ein amerikansk trommeslagar, perkusjonist og studiomusikar.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Guerin var fødd på Hawaii og voks opp i San Diego. Som ung trommeslagar byrja han å spele med Buddy DeFranco i 1960. Seint i 1960-åra flytta han til Los Angeles, der han spelte trommer for Frank Sinatra, George Harrison, Frank Zappa, The Animals, Joni Mitchell, Them, Thelonious Monk, Lou Rawls, Ray Conniff, George Shearing, Peggy Lee, Ella Fitzgerald, Linda Ronstadt, Nelson Riddle og mange andre. Frå juli 1972 til januar 1973 spelte han trommer for The Byrds, og vart med i L.A. Express seinare det året. Bandet var akkompagnement for Joni Mitchell på turnear frå midten til slutten av 1970-åra. Guerin hadde eit kort forhold til Mitchell på den tida.

Som ein leiande figur for jazzrock-stilen, var han ein av dei mest produktive trommeslagarane gjennom tidene.[1] Han spelte mykje for film og fjernsyn, som filmmusikken til filmen om Charlie Parker frå 1988, Bird av Clint Eastwood. Han spelte trommer på kjenningsmelodien under opninga av fjernsynsserien Hawaii Five-O.

I seinare år arbeidde Guerin med Oscar Peterson, John Faddis, Jimmy Heath, Ray Charles, Sonny Rollins, Justin Morell, Andreas Pettersson, David Basse, David Garfield, Gary Lemel og Mike Melvoin.

Guerin døydde av hjarteattakk den 5. januar 2004 i West Hills i California.[2]

Utvald diskografi[endre | endre wikiteksten]

Som sidemann[endre | endre wikiteksten]

Med Gene Ammons

Med Blue Mitchell

Med Howard Roberts

Med Tom Scott

Med Gábor Szabó

Med Frank Zappa

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]