John Gullichsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
John Gullichsen
Statsborgarskap Noreg
Fødd 1793
Død

18. juli 1840 (47 år)

Yrke politikar
Språk norsk

John Gullichsen (179318. juli 1840) var ein norsk jurist og stortingsmann frå Borge i Østfold.

Gullichsen var son til ein snikkar og handelsmann. Sjølv utdanna han seg til jurist og vart cand.jur. i 1813. Han arbeidde så som fullmektig hos byfogden i Fredrikstad, Andreas Michael Heiberg. Då Heiberg var på Eidsvoll våren 1814, var 21-åringen Gullichsen konstituert byfogd, noko han også var i 1815-16. Frå 1824 var han underrettsprokurator i Bratsbergs amt, busett i Skien.

I 1827 var Gullichsen varamann til Stortinget. Både på det ordentlege Storting i 1836, og på det overordentlege Storting 1836-37, representerte han valkrinsen Skien og Porsgrunn, der han var medlem av militærkomiteen.

Han døydde i Skien, 57 år gammal.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]