John Hanning Speke

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
John Hanning Speke
John Hanning Speke (1827-64) RMG F8616.jpg
Fødd4. mai 1827
FødestadBideford
Død15. september 1864
DødsstadCorsham

John Hanning Speke (4. mai 182715. september 1864) var ein offiser i Den britisk-indiske hæren. Han er best kjend for tre oppdagingsreiser i Afrika der han leita etter kjeldene til Nilen, og for å vera den første europearen som nådde fram til Victoriasjøen. Han er òg kjend for den hamittiske hypotesen frå 1863 der han meinte at folkegruppa tutsi stamma frå den bibelske figuren Ham, og hadde lysare hud og meir «europeiske» trekk enn andre afrikanske folk, som hutuane.[1][2] Denne rasistiske teorien var seigliva, men blei sidan tilbakevist.[3]

Liv og virke[endre | endre wikiteksten]

Rutene til ekspedisjonen til Burton og Speke (1857–1858) og Speke og Grant (1863).

Speke tente i den britiske indiske hæren under den fyrste anglo-sikh-krigen i 1844. På fritida undersøkte han Himalaya og drog heilt inn i Tibet.

I 1854 drog han på sin første ekspedisjon til Afrika. Saman med Richard Francis Burton reiste han til Somalia. Det gjekk svært dårleg med ekspedisjonen, han blei angripen og både Burton og Speke blei hardt skadde. Speke drog attende til England for å koma seg. Han var seinare med i Krimkrigen.

I 1856 drog Burton og Speke tilbake til Aust-Afrika, for å finna dei store sjøane som det gjekk rykte om skulle finnast i innlandet. Dei håpa òg å finna kjeldene til Nilen. Det blei ein svært krevande tur, begge blei ramma av tropiske sjukdomar og Speke blei ei tid blind og døv. Dei var dei første europearane som såg Tanganyikasjøen. Der høyrde dei om ein stor sjø i nord. Burton var for sjuk til å halda fram, men Speke drog åleine nordover og fann Victoriasjøen. Denne viste seg seinare å vera ei av hovudkjeldene til Nilen, men Speke hadde mista mykje av utstyret og kunne ikkje utforska han.

Speke kom tilbake til England før Burton, 8. mai 1859, og fortalde om ekspedisjonen i Royal Geographical Society, der han hevda å ha funne kjelda til Nilen. Då Burton seinare vende tilbake til heimlandet blei han rasande fordi han følte at Speke hadde teke æra for ekspedisjonen. Sinnet auka ytterlegare då han fekk vita at Speke skulle leia ein ny ekspedisjon utan Burton.[4]

Saman med James Augustus Grant drog Speke i oktober 1860 til Zanzibar. Då dei kom til Uganda skilde dei mellombels lag, Speke drog rundt vestsida av Victoriasjøen (utan å sjå mykje av han) og fann på nordsida at sjøen flaut ut i Nilen. Han segla nedover denne, og blei på vegen gjenforeint med Grant. Dei kom til Gondokoro i sørlege Sudan, der møtte dei Samuel Baker og kona hans. Dei heldt fram til Khartoum, derfrå sende Speke eit triumferande telegram til London: «The Nile is settled» ('Nilen er avgjord').[5]

Burton hevda at Speke ikkje skulle vera så skråsikker, sidan han ikkje hadde følgd elva heile vegen frå der ho flaut ut av Victoriasjøen til Gondokoro (dette blei endeleg fastslått av Henry Morton Stanley i 1875).[6]:301

Ein obelisk til minne om Speke i Kensington Gardens i London.

Dei to skulle møtast til ein offentleg debatt om spørsmålet 16. september 1864.[7] Dagen før debatten døydde Speke av eit vådeskot under jakt i Neston Park i Wiltshire.[8] Liksynet av dødsfallet konkluderte med at det var ei ulukke, noko også biografen hans Alexander Maitland meinte.[9] Andre har hevda at Speke tok sitt eige liv med vilje. Sidan skotet råka Speke like under armhola verkar det usannsynleg at det var eit sjølvmord. Burton kunne likevel ikkje slå frå seg ideen om at Speke hadde frykta debatten og tok livet sitt i staden for å møta han.[6]

Speke blei gravlagd i St Andrew's Church i Dowlish Wake i Somerset, fem miles unna den historiske heimen til familien Speke.[4]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Gourevitch, Philip (1999): We Wish to Inform You That Tomorrow We Will Be Killed with Our Families: Stories From Rwanda, Picador. ISBN 978-0-312-24335-7.
  2. «John Speke: Nineteenth Century Race Theory In The Kingdom Of Rwanda And The Polarization Of Hutus & Tutsis», Cambridge Forecast Group 23. april 2008
  3. Robinson, Michael (9. november 2015): «A Theory You've Never Heard Of», TEDx, University of Hartford
  4. 4,0 4,1  «Speke, John Hanning». Dictionary of National Biography. London: Smith, Elder & Co. 1885–1900. 
  5. Galton, Sir Francis; Spottiswoode, William; Markham, Sir Clements Robert, red. (1863). «Twelfth Meeting, Monday Evening, 11 May 1869». Proceedings of the Royal Geographical Society of London (London: Royal Geographical Society) 7 (3): 108–110. 
  6. 6,0 6,1 Jeal, Tim (2011). Explorers of the Nile: The Triumph and Tragedy of a Great Victorian Adventure. London: Faber & Faber. ISBN 978-0-571-27777-3. 
  7. Sparrow-Niang 2014.
  8. Bridges, Roy. «Speke, John Hanning (1827–1864)». Oxford Dictionary of National Biography (online utg.). Oxford University Press. doi:10.1093/ref:odnb/26101. 
  9. Sly, Nicola (2010). A grim almanac of Somerset. Stroud: History Press. s. 32. ISBN 9780752458144. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedium som gjeld: John Hanning Speke